Zhao Ziyang

kinesisk politikar

Zhao Ziyang (fødd 17. oktober 1919 i fylket Hua i Anyang i provinsen Henan i Kina, død 17. januar 2005 i Beijing) var ein politikar i Folkerepublikken Kina og statsminister i landet i perioden 1980 til 1987, og leiar for Det kinesiske kommunistpartiet frå 1987 til 1989. Han innførte fleire reformer, som mellom anna auka produksjonen. Reformene var meint å straumlinjeforme det tungrodde byråkratiet, samt motverke korrupsjon. Tiltaka støytte på motstand internt i det kommunistiske maktapparatet, så då han i mai 1989 viste forståing for studentane som protesterte og sveltestreika på Den himmelske freds plass, vart han avsett og halde i husarrest resten av livet.

Zhao Ziyang

Fødd17. oktober 1919
Hua
Død17. januar 2005 (85 år)
Statsborgar avRepublikken Kina, Folkerepublikken Kina
PartiKinas kommunistparti (februar 1938)
Yrkepolitikar
EktefelleLiang Boqi
BarnZhao Erjun, Wang Yannan
MedlemKinas kommunistiske ungdomsliga
VervFormann for Statsrådet 1980-1987
FøregangarHua Guofeng
EtterfylgjarLi Peng
VervGeneralsekretær for Det kinesiske kommunistpartiet 1987-1989
FøregangarHu Yaobang
EtterfylgjarJiang Zemin
Alle verv
  • Generalsekretær for Det kinesiske kommunistiske parti (1987–1989) Sjå dette på Wikidata
Zhao Ziyang med president Ronald Reagan utanfor Det kvite huset i oktober 1984
Foto: Ronald Reagan Library

Liv og gjerning endre

Zhao gjekk i 1932 inn i den kommunistiske ungdomsligaen og arbeidde for kommunistpartiet i skjul under krigen mot Japan. På 1950-talet avanserte han opp til leiarskapen i partiet i provinsen Guangdong, og i 1960-åra vart han forfremja til partisekretær i same provinsen.

Etter «Det store spranget» hadde feila, reformerte Zhao landbruket i Guangdong, noko som førte til at levekåra i den delen av Kina betra seg snøggare enn elles i det store riket. Han løyste opp folkekommunar og lét bøndene dyrke sjølveigde jordlappar. Sidan han på den måten var på linje med generalsekretæren i kommunistpartiet, Liu Shaoqi, fall han i unåde under Kulturrevolusjonen. Han mista posisjonen sin og vart paradert gjennom gatene i Guangzhou kledd i ein botshatt (ein slags dumstrut). År 1971 vart han kommandert til arbeid i Indre Mongolia.

I mars 1972 vart Zhao på sett og vis teken til nåde, etter som han vart sekretær og viseformann for revolusjonskomitéen i Indre Mongolia. Vel eitt år seinare, i august 1973, greip statsminister Zhou Enlai inn til hans fordel. Han kunne såleis i april 1974 vende tilbake til Guangdong som førstesekretær for kommunistpartiet i provinsen og som formann for revolusjonskomiteen. I september 1975 vart han i tillegg politisk kommissær for Guangdong militærdistrikt.

Partisjef i Sichuan endre

I desember 1975 vart Zhao send til Sichuan, den mest folkerike provinsen i landet. Der vart han første partisekretær, og gjennomførte marknadsøkonomiske reformer som førte til ein rask auke i produktiviteten. På den tid oppstod i Sichuan uttrykket 要吃粮,找紫阳 Yao chi liang, Zhao Ziyang, eit ordspel basert på namnet hans, og som lausleg kan omsetjast med «Vil du ete, så følg Zhao Ziyang». Samstundes var Zhao medlem av partikomiteen for kommunistpartiet. I 1977 vart han òg alternerande medlem av Politbyrået i Kina, og eit par år etter vart han stadfortredar for statsministeren, og fast medlem av politbyrået.

Attentat endre

Det var mykje radikalisme i Sichuan under Kulturrevolusjonen. Tilhengjarane av den såkalla Firarbanden var særs sterke, og forsøkte å forpurre reformene til Zhao. Men politikken til Zhao sanka stor folkeleg støtte, så motstandarane hans greip til vald, etter at meir siviliserte forsøk på å stanse han ikkje førte fram. Minst seks attentat vart Zhao utsett for, dei åra han var i Sichuan. Det mest alvorlege var då jeepen hans køyrde inn i eit bakhald i ein trong dal. Attentatmennene lukkast nesten, både sjåføren og ein sekretær omkom i det jordraset som vart utløyst av attentatgjengen. Først i 1983 vart dei siste ansvarlege for åtaka hekta av politiet.

Statsminister, så generalsekretær endre

Etter eit halvår som vikarierande statsminister (leiar for statsrådet i Folkerepublikken Kina), vart Zhao i 1980 utnemnd til statsminister. Han utvikla då planane om særskilde økonomiske kraftsenter i kystområda, ein politikk som har transformert mykje av kinesisk næringsliv. I 1982 fekk han plass i Politbyrået sin ståande komité.

Frå januar 1987 vart Zhao generalsekretær for Kinas kommunistiske parti. Som generalsekretær i kommunistpartiet stod han for ein opnare utanrikspolitikk og for økonomiske reformer. Zhao kalla politiske reformer for «den største utfordringa i sosialismen». Han hevda at økonomisk framgang berre kunne lukkast i samband med demokratisering. Alt i 1986 gjekk han som den første leiande kinesiske kommunistpolitikar ope inn for politiske endringar i demokratisk retning, og innførte ei ordning der ein ved val på landsbynivå skulle kunne velje mellom fleire kandidatar. Han meinte at ordninga gradvis skulle gjennomførast heilt opp til sentralkomitenivå.

På det økonomiske feltet gjekk Zhao inn for mange reformer. Han utvikla «teorien om mellombelse stadium», ei form for stegvis reformering av det sosialistiske systemet. På partikongressen i 1987 erklærte Zhao at Kina var inne i «ein primær fase av sosialismen» som kunne kome til å vare i 100 år. På det stadiet, hevda han at Kina trong å eksperimentere med ulike økonomiske system, for slik å stimulere produksjonen. Zhao føreslo å skilje rollene til Staten og Partiet. I tråd med den poltikken, tok Li Peng over som statsminister for Zhao.

Forslaget om skilje mellom Parti og Stat er seinare vorte eit tabu i Kina. Vestlege observatørar meiner at dei to åra då Zhao var generalsekretær var dei mest opne i moderne kinesisk historie. Til dømes kunne ein ytre kritikk i saker som før vart slått ned på, dermed fekk intellektuelle høve til ope å framsetje sine tankar om korleis samfunnet kunne løyse sine utfordringar.

Zhao vart kritisert som revisjonist av marxismen. Han prøvde å gjere regjeringa meir transparent og fremja ein politisk dialog som kunne gjere den vanlege borgar delaktig i dei politiske prosessane.

Zhao sitt framlegg i mai 1988 om å akselerere prisreformene førte til utstrekt folkeleg misnøye, ettersom reformene utløyste ein kraftig inflasjon. Dette styrkte motstandarane av ei rask reformtakt; dei gjekk i staden inn for å sentralisere økonomiplanlegginga og strikse tiltak mot vestleg innverknad.

I andre halvår av 1988 vart politiske posisjonen til Zhao gradvis svekka. Mange av dei leiande i partiet var misnøgde den innstillinga Zhao hadde i ideologiske spørsmål. Den økonomisk konservative fraksjonen i Politbyrået, leia av Li Peng og Yao Yilin, var stadig i tottane på Zhao i økonomiske og fiskale spørsmål. Den galopperande inflasjonen sette Zhao under eit aukande press frå vanlege partimedlemmer og familiane deira.

På nyåret 1989 døydde den tidlegare partigeneralsekretæren Hu Yaobang brått. Han var rekna som å ha vore ein reformvennleg leiar, så då Hu døydde tok Zhao initiativ for å vidareføre reformprogrammet sitt.

Fallet frå makta endre

Den sterke inflasjonen vinteren 1989 førte til forverra levekår for folk. Ut på våren sette studentar, intellektuelle og misnøgde borgarar i Beijing i stand sterke protestar, aksjonar som samla seg på Den himmelske freds plass.

Leiarane i Kina møttest 17. mai heime hos Deng Xiaoping, der dei drøfta tiltak mot demonstrasjonane. Zhao Ziyang gjekk inn for at regjeringa skulle slutte å true demonstrantane, for å dempe situasjonen. Deng fekk det avgjerande ordet; han akta å utrope krigstilstand og flytte militære styrkar inn i Beijing. Zhao hevdar i sine memoarar at «Eg nekta å vere den generalsekretæren som mobiliserte tropper for å slå ned på studentane».[1]

Den 19. mai reiste Zhao Ziyang] til Den himmelske freds plass, der han heldt ein kort tale med megafon. I talen oppfordra han studentane til å avslutte sveltestreiken. Ikkje mange av studentane følgde rådet hans. Samstundes var andre leiarar i kommunistpartiet; Deng Xiaoping, Yang Shangkun, Li Peng og Hu Qili, i gang med å førebu krigsrett for å slå ned demonstrasjonane.

Kort etter møtet med demonstrantane vart Zhao arrestert, og deretter sett i husarrest i heimen sin i Zhongnanhai. To veker seinare etter vart hæren send inn for å slå ned protestane mot styresmaktene, noko som skjedde med mykje vald.

Husarrest og meomarar endre

Zhao Ziyang vart verande i husarrest resten av livet. Trass i streng overvaking klarte han å forfatte og tale inn sine memoarar på kassettar. 14. mai 2009 vart memoarane til Zhao offentleggjort på kinesisk (i Hongkong) og engelsk. På engelsk var tittelen Prisoner of the State: The Secret Journal of Premier Zhao Ziyang.[2] I den 336 sider lange boka rosar Zhao i siste kapittel det parlamentariske demokratiet og meiner at det er berre ved eit slikt system at landet hans kan løyse korrupsjonsproblemet og det veksande gapet mellom rike og fattige.[3]

Kinesiske massemedia repporterte Zhao død i 2005 i korte notisar. Det vart ikkje nemnt at han hadde vore leiar av Kinas kommunistiske parti.

Bibliografi endre

  • Zhao Ziyang, redigert av Adi Ignatius, forord ved Roderick MacFarquhar, omsett og omarbeidd av Bao Pu og Renee Chiang: Prisoner of the State: The Secret Journal of Premier Zhao Ziyang, Simon & Schuster (19. mai 2009), hardcover, 336 sider ISBN 1-4391-4938-0 ISBN 978-1-4391-4938-6

Kjelder endre

  1. Prisoner of the State: The Secret Journal of Premier Zhao Ziyang
  2. Secret Tiananmen memoirs revealed, BBC News Online, 14. mai 2009
  3. Deposed Chinese leader's memoir out before June 4, Associated Press, 14. mai 2009