Zhongyuetempelet er eit tempel i Songshanfjella i provinsen Henan i Kina. Desse fjella har ein opphøgd plass i kinesisk mytologi og kultur.

Zhongyuetempelet

Kart
Zhongyuetempelet
34°27′33″N 113°04′04″E / 34.45916667°N 113.06777778°E / 34.45916667; 113.06777778

Tempelet går òg under tilnamnet 'det vesle palasset'. Det er eit av dei eldste av sitt slag i Kina, og blei opphavleg bygt under Qin-dynastiet. Det blei flytta til og gjenoppbygd med den noverande plasseringa si under Tang-dynastiet (618-907).

Langs sentrallinja til tempelet er det kring 400 konstruksjonar av variende slag: Portalar, bogegangar, terrassar, hallar og tårn, såvel som over 300 høge, verbitne og knudrete sypressar, for det meste i den store forgarden.

Tempelet er ein del av UNESCO si verdsarv.[1]

Referansar endre

  1. «Historic Monuments of Dengfeng in “The Centre of Heaven and Earth”». Henta 6. desember 2020.