Zhuhai (hànzì: 珠海, pinyin: Zhūhǎi, =Havets perle) er eit byprefektur i provinsen Guǎngdōng ved Kinas kyst mot Sørkinahavet. Prefekturet har eit areal på 1 653 km² og befolkning på 1 454 100. Byprefekturet Zhuhai er delt opp i tre distrikt. Byen ligg tett ved Macao, og er prega av dei 146 øyane og mange buktene i prefekturet.

Zhuhai si plassering i Guangdong
Strandpromenade i Zhuhai

Zhuhai var fram til om lag 1980 ein mindre fiskarby. Han vart då ein av Folkerepublikken Kinas fire første særlege økonomiske soner. Sidan har byen vorte ein ferieby i Sør-Kina og ein soveby for fastlandskinesarar som arbeider i Macao. Etter kinesiske mål er levestandarden høg.

Samferdsle endre

Kinas riksveg 105 endar i Zhuhai. Trafikkåra byrjar i Beijing, går sørover og endar i Zhuhai ved Lotusbrua, som fører over til Macao. Vegen går gjennom større byar som Tianjin, Dezhou, Jining, Shangqiu, Jiujiang, Nanchang og Guangzhou.