Zjalejka (russisk жалейка eller брёлка) er eit russisk treblåseinstrument.[1] Det er eit enkelt blåseinstrument av røyrbladtype, sett saman av eit trerøyr og ein tut. Det har gjennomtrengande og nasale tonar, og blir mykje brukt i russisk, kviterussik og ein del i ukrainsk folkemusikk.[2]

Zjalejka

Klassifiseringinstrument med enkelt røyrblad, slaviske musikkinstrument
Hornbostel-Sachs klassifisering422.211.2

Røyret til ein zjalejka er rundt 10–20 cm langt og kan ha 3 til 7 fingerhol. Munnstykket kan vera av siv eller gåsefjør. Zjalejkaen har ofte tut av eit anna materiale enn tre, som kuhorn, i ein hornpipekonstruksjon. Det kan også ha tut av bjørkenever, eller vera heilt av tre.[2] Det finst ein dobbel variant med to røyr og ein tut som er mest utbreidd sør i Russland.[3]

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. LaPasha, L. Robin C. (5. mars 2006). «The RussWind Home Page» (på engelsk). Henta 30. september 2013. 
  2. 2,0 2,1 LaPasha, Robin (2006). «Zhaleika». The Russ Wind Homepage. Henta 16. september 2013. 
  3. «Zhaleika». Russia-InfoCentre. 2009. Henta 16. september 2013. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Zjalejka
  Denne musikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.