Zjostovo-måleri (russisk Жостовская роспись) er eit gammalt russisk kunsthandverk med dekorativ måling av metall, særleg metallfat, knytt til landsbyen Zjostovo i Moskva oblast. Han oppstod på 1800-talet under påverknad frå uralsk husflid med å måla blomemotiv på metall. Seinare utvikling av Zjostovo-måleri var stilistisk knytt til teknikkar for å måla porcselen og emalje, brukt ved fabrikkar i nærleiken av Moskva, blomemotiv på trykt bomull som blei produsert ved fabrikkar i Ivanovo, og Lukutin-miniatyrar (sjå Fedoskino-miniatyr).

Zjostovo-måla fat
Demonstrasjon av Zjostovo-måling
Zjostovo-måleri på eit sovjetisk frimerke

Det som skal målast blir grunna med nokre lag kitt og oljeferniss som vanlegvis er svart. Ein måler med nokre få, kraftige strøk etter kvarandre med ein mjuk pensel og oljemåling som er sterkt utblanda med linolje. Det vanlegaste motivet på Zjostovo-måleri er ei enkel blanding av hage- og villblomar. Kantane av fata blir måla med eit lyst gyllent ornament kalla uborka (уборка). Etter måling blir prduktet dekt med tre lag lys lakk og polert til det skin.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Zjostovo-måleri