Zoltán Palásti Kovács, kjend som Zoohacker, er ein ungarsk musikar, musikkhistorikar, musikklærar, DJ og produsent.

Eurovision endre

Eurovision Song Contest 2013 endre

Etter at songaren ByeAlex vann A Dal 2013, den ungarske uttakinga til Eurovision Song Contest 2013, med den ungarskspråklege songen «Kedvesem» laga Zoohacker ein remiks av songen som fekk tittelen «Kedvesem (Zoohacker Remix)». Saman med Mónika Hoffmann hadde dei òg skrive eit refreng på svensk, men fekk ikkje framføre dette i tevlinga av di tidsfristen gjekk ut før den nye teksten var klår. I Eurovision Song Contest 2013 i Malmö i Sverige deltok Ungarn deltok i den andre semifinalen 16. mai 2013 med remiksen og enda på åttandeplass med 66 poeng; tolv frå Sveits, ti frå Tyskland, åtte frå Finland, sju frå Albania, seks frå Belgia og Romania, fire frå San Marino, tre frå Israel, Georgia og Frankrike og to frå Latvia og Noreg. Landet kvalifiserte seg dimed til finalen 18. mai 2013 der dei enda på tiandeplass med 84 poeng; tolv frå Tyskland, ti frå Finland og Sveits, åtte frå Albania, sju frå Nederland, seks frå San Marino og Bulgaria, fem frå Litauen, fire frå Estland og Kroatia, tre frå Sverige og Italia og to frå Hellas, Noreg og Serbia. Dette var den tredje beste plasseringa til eit ungarsk bidrag og «Kedvesem (Zoohacker Remix)» vart dimed eit av dei mest suksessfulle ungarske bidraga fram til 2013.

Kjelder endre