Zwinger er eit barokkslott i Dresden kjend for den store kunstsamlinga si. Det ligg mellom Semperoper og Postplatz.

Flyfoto av Zwinger

Namnet kjem av ordet bezwingen (å tvinge). Anlegget var ein del av borga i Dresden og bestod av ein indre og ein ytre mur. Mellom desse skulle ein mogleg invasjonsstyrke verte knust med våpen om han lukkast å ta den ytre muren.

Historie endre

Kurfyrste Fredrik August I (konge av Polen som August II) returnerte etter ei reise i Italia, der han hadde vorte særs imponert av Forum Romanum. Han ønskte noko liknande for seg sjølv. Festningane var ikkje lenger naudsynte og gav derfor rom for planane hans. Den opphavlege planen omfatta både dagens anlegg og Semperoperaen ned til Elben og vart utforma av Matthäus Daniel Pöppelmann i 1722. Då kongen døydde i 1733, vart arbeidet utsett. Slottsområdet vart halde ope mot operaplassen. Seinare vart planene endra til ein noko mindre skala og bygginga som skil Zwinger frå operaplassen, vart oppført.

Museum endre

Zwingers Gemäldegalerie Alte Meister vart ein viktig attraksjon i den rike kulturarva i byen. Han omfattar mellom anna måleri av Rubens, Canaletto, Rafael og mange andre. Rustkammeret (Rüstkammer) inneheld ei fin våpen- og rustningssamling, hovudsakleg frå 15- og 1600-talet. Det er òg ei samling av meissenerporselen, klokker og vitskaplege instrument. Bygningane inneheld òg Mathematisch-Physikalischer Salon.

Delar av Zwinger endre

Kronentor endre

 
Vestfløya med Kroneporten

Den mest kjente og mest fotograferte delen av Zwinger er Kronentor (Kroneporten). På toppen av porten er ein kopi av den polske kongekrona. Ovanfor porten ligg ein annan portal på vestsida med blikk på ein ryttarstatue på Theaterplatz.

Nymphenbad endre

 
Nymphenbad sett frå paviljongen

Nymphenbad (nymfebadet) ligg ved Festungswall bak Französische Pavillon. Vasskunstverket vart utforma av mellom andre Balthasar Permoser og vert rekna som eit av dei vakraste fonteneanlegga frå barokken.

Glockenspielpavillon endre

Glockenspielpavillon eller Uhr mit Glockenspiel består av mange porselensklokker laga av meissenerporselen.

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Zwinger

Kjelder endre