Ånen Olsson Bergsager

Ånen Olsson Bergsager (18. desember 180829. januar 1879) var ein norsk lærar, kyrkjesongar og gardbrukar og stortingsmann frå Hægebostad i Vest-Agder.

Ånen Olsson Bergsager
Statsborgarskap Noreg
Fødd 18. desember 1808
Hægebostad kommune
Død

29. januar 1879 (70 år)
Lyngdal

Yrke lærar, bonde, politikar
Språk norsk

Han var son til ein gardbrukar i Hægebostad. I ungdomen gjekk han nokre veker på skule i Kristiansand. Med seg heim tok han nokre lærebøker, mellom anna i språk. I 1830 vart han skulehaldar i heimbygda og kyrkjesongar ikkje lenge etter. Av den nye soknepresten til Hægebostad lærde han latin og gresk. Presten hadde håpa han skulle verte lærar i matematikk i den høgre skulen, men då Bergsager gifta seg og vart lærar i Farsund, vart det ikkje av. Sidan vart han gardbrukar på Bergsager i Lyngdal. Perioden 1840-56 var han i tillegg lærar og kyrkjesongar i Lyngdal. Han var ordførar i Lyngdal 1843-77, og hadde ei rekke kommunale verv.

Bergsager representerte Lister og Mandals amtStortinget 1848-64 og 1868-73. I 1848 var han medlem av militærkomiteen, på alle seinare storting var han medlem av bankkomiteen. Bergsager er best kjend for å ha kome med framlegget om at Noregs Bank skulle offentleggjere status kvar einaste månad, noko som vart samrøystes vedteke.

Han døydde på garden sin i Lyngdal i 1879.

Kjelder endre