Čerťák
Čerťák
Namn Čerťák
Plassering Harrachov
Byggeår 1979
Bakketype Skiflygingsbakke / storbakke
Tekniske data
K-punkt 185 m / 125 m
Bakkestorleik (HS) 205 m / 142 m
Bakkerekord 214,5 m / 145,5 m
Tilløp - lengde
Tilløp - vinkel
Høgde på hoppet
Snøggleik på hoppet
Vinkel på hoppet
Vinkel ved K-punkt
Tilskodarkapasitet 50,000
Klubb TJ Jiskra Harrachov
Andre bakkar HS100, K70, K40

Čerťák er eit skihoppanlegg ved byen Harrachov i Tsjekkia. Anlegget er mest kjent for skiflygingsbakken, men har òg ein storbakke i direkte tilknyting til skiflygingsbakken, og dessutan tre mindre hoppbakkar rett attmed. Anlegget blir drive av sportsklubben TJ Jiskra Harrachov. Tilskodarkapasiteten er ca. 50 000. Hoppbakkane ligg på nordsida av fjellet Čertová Hora, ikkje langt frå grensa mot Polen.

Historia endre

Den fyrste hoppbakken i Harrachov blei bygd i 1922, i eit anna område ved byen. Seinare på 1920-talet blei den fyrste bakken bygd i Čerťák, og denne bakken blei etter kvart utvida og fekk selskap av fleire mindre bakkar. Skiflygingsbakken blei bygd i 1979 og opna i mars 1980. Dagens bakkerekord er 214,5 meter, sett av finske Matti Hautamäki 9. mars 2002. K-punktet i skiflygingsbakken er nå 185 meter og bakkestorleiken 205 meter.

Skiflygingsbakken endre

Skiflygingsbakken i Harrachov fekk tidleg ry på seg for å vere farleg å hoppa i, eit rykte som bakken til ein viss grad og heilt ufortent slit med ennå. Dei fyrste åra hadde hopparane ein enorm høgde over kulen, heilt opp til tolv meter over bakken. Høgda førte til at vindkast eller utøvarfeil kunne få fatale konsekvensar, og fleire hopparar skada seg kraftig i stygge fall i bakken. Under VM i skiflyging i 1983 fall både Steinar Bråten (Noreg), Horst Bulau (Canada) og Jens Weißflog (DDR/Tyskland) stygt. Men òg i ettertid har det vore stygge fall der. I 1998 øydela slovaken Marián Bielčík kneet, i 1992 slapp Andreas Goldberger mirakuløst lett unna eit svært stygt fall, og i 1989 fekk Ole Gunnar Fidjestøl ein ryggskade etter eit stygt fall. Skiflygingsbakken blei til slutt stengd av FIS på grunn av den dårlege tryggleiken. Bakken blei ombygd mellom 1989 og 1992, og har sidan halde standarden som er fastsett av FIS.

Det er to gonger blitt sett verdsrekord i skiflygingsbakken i Harrachov. Armin Kogler (Austerrike) hoppa 176 meter 27. mars 1980, medan Pavel Ploc (Tsjekkoslovakia) hoppa 181 meter 19. mars 1983. Bakken har vore arena for VM i skiflyging tre gonger, i 1983, 1992 og 2002. Fyrstemann til å hoppa over 200 meter i bakken var Roar Ljøkelsøy med 201 meter 9. mars 1996.

Storbakken endre

Storbakken i Harrachov blei bygd samstundes med skiflygingsbakken, i 1979, og også nyopna i 1992. Denne bakken har K-punkt 125 meter og bakkestorleiken 142 meter. Den offisielle bakkerekorden i storbakken er 145,5 meter, sett av Janne Ahonen (Finland) 12. desember 2004 i eit verdscuprenn. Uoffisiell bakkerekord er 151 meter, sett av Martin Koch (Austerrike) 17. desember 2004 i eit kontinentalcuprenn. Bakken er med det ein av dei største i verda i storbakke-klassen.

Normalbakken og mindre bakkar endre

Normalbakken har K-punkt 90 meter, bakkestorleik 100 meter og bakkerekord 102,5 meter. To mindre bakkar har K-punkt 70 meter (bakkerekord 77 meter) og K-punkt 40 meter (bakkerekord 43,5 meter). Normalbakken har plastmatter, som gjer at den òg kan bli brukt om sommaren.

Bakgrunnsstoff endre