Aasa Helgesen (fødd Røinesdal, 11. februar 187729. april 1968) var ei norsk jordmor og politikar som vart den fyrste kvinnelege ordføraren i Noreg.[1] Ho var ordførar i Utsira kommune i Rogaland frå 1926 til 1928.[2]

Aasa Helgesen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 11. februar 1877
Bjelland
Død

29. april 1968 (91 år)

Yrke jordmor, politikar

Bakgrunn endre

Helgesen vaks opp på husmannsplassen Røinesdal i Vest-Agder, tok teneste hos ein bonde, men fekk hjelp til å reise til Kristiania og jordmorutdanninga der. Ho var ferdig utdanna i 1902, og fekk året etter arbeid som jordmor på Utsira.[3] Der møtte ho fiskaren Sivert Helgesen, og dei gifta seg i 1907.[3] Sivert var borte store delar av året, og som einaste helsearbeidar på øya tok ikkje Aasa berre imot vel 400 barn som jordmor; ho verka også iblant som lækjar.

Politikk endre

Då Utsira vart ein sjølvstendig kommune i 1926, vart elleve kvinner og ein mann valde inn i kommunestyret

Kommunestyret på Utsira i 1926 bestod av elleve kvinner og ein mann.[2] Bakgrunnen var at ein radioassistent hadde sett opp ei rein kvinneliste, moglegvis som ein spøk.[4] Aasa vart ordførar, som etterfølgjar etter - og seinare etterfølgd av - ektemannen Sivert.[2][3]

Då Helgesen vart vald til ordførar i 1926, var dette ei nyheit som gjekk verda rundt, og det vart sendt gratulasjonstelegram frå ei rekkje internasjonale kvinneorganisasjonar. Ho var også den fyrste kvinna i Noreg som deltok i fylkestinget.

Kjelder endre

  1. «Her er elleve norske kvinner som var først». NRK. 8. mars 2023. 
  2. 2,0 2,1 2,2 «Kvinnekuppet på Utsira - da damene styrte». NRK. 11. oktober 2013. 
  3. 3,0 3,1 3,2 Haugland, Ånund (27. januar 2023). «Aasa Helgesen». Norsk biografisk leksikon (på norsk). 
  4. Geir Heljesen: Norges første kvinnelige ordfører NRK, 12. juni 2003