Alf-Inge Håland
norsk fotballspelar
(Omdirigert frå Alf-Inge Haaland)
Alf-Inge Rasdal Håland (fødd 23. november 1972 på Bryne) er ein norsk fotballspelar og fotballeiar. Han er sportsleg leiar i Bryne FK. Kallenamnet hans er «Alfie». Håland er ein av av seks spelarar som har spela på det norske landslaget utan nokon gong å ha spela i den norske toppdivisjonen. Totalt spela Håland 34 A-landskampar.
Fødd | 23. november 1972 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Stavanger kommune | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar (Mål) | |
1990–1993 1993–1997 1997–2000 2000–2003 2012–2013 1990–2013 |
Bryne Nottingham Forest Leeds United Manchester City Rosseland Totalt: |
93 (7) 92 (8) 47 (3) 9 (1) 309 (23) | 68 (4)|
Landslag | |||
1994–2001 | Noreg | 34 (0) | |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 31. mai 2011 ‡ Landslagsmål oppdatert 31. mai 2011 |
Håland begynte fotballkarrieren i Bryne. Hausten 1993 signerte han for den engelske klubben Nottingham Forest. Han spelte seinare for Leeds og Manchester City, og deretter for Rosseland BK.