Anders Jonsen Reitan (18. juni 18609. februar 1941) var ein norsk lærar og lokalhistorikar

Anders Reitan
Statsborgarskap Noreg
Fødd 18. juni 1860
Ålen kommune
Død

9. februar 1941 (80 år)
Ålen kommune

Yrke lærar, politikar, lokalhistorikar, bonde
Politisk parti Venstre
Far Jon Jørgensen Reitan

Reitan var fødd i Ålen i Sør-Trøndelag fylke. Han var bror av dialektgranskaren Jørgen Reitan, brorson av diktar og stortingsmann Anders Jørgensen Reitan. Vinteren 1878-1879 gjekk han på Vonheim folkehøgskole og deretter på Klæbu seminar. Dei første åra som lærar i heimbygda vikarierte Reitan for far sin, Jon Jørgensen Reitan (1822-1903), som då sat på Stortinget og i Riksretten 1883-84. Han fekk lærarposten etter far sin, og var lærar i den barneskolen han sjølv hadde gått til han slutta som lærar i 1929.

Resten av levetida arbeidde Reitan med bygdeboka Ålen. Ho kom i første opplag i 1936, har seinare vore verdsett som hovudkjelda for kunnskap om rørosregionen i eldre tid. Mange har uttrykt si takksemd, ikkje minst forfattaren Johan Falkberget.