Angarskyjpasset er ein fjellovergang i KrimfjellaKrimhalvøya sør i Ukraina. Passet er det høgaste punktet på vegen mellom Simferopol og Alusjta med ei høgd på 752 meter over havet. Det har namn etter elva Angara, ei sideelv til Salhir.

Angarskyjpasset
ukrainsk Ангарський перевал, russisk Ангарский перевал, krimtatarisk Anğara boğazı
pass
Land  Ukraina,  Russland
Kart
Angarskyjpasset
44°45′30″N 34°20′27″E / 44.75833333°N 34.34083333°E / 44.75833333; 34.34083333
Wikimedia Commons: Angarskyi Pass

I mellomalderen gjekk det berre ein stig gjennom passet.[1] Dei første postrutene gjennom Angarskyjpasset vart lagt av russiske pionerar i 1824–26.[1] Vegen vart utvida to gonger, ein gong i 1935 og ein i 1959 då Krim trolleybuss-linje opna.[1]

Angarskyjpasset er ein populær vinterferiestad på Krimhalvøya.[2] Skisport er populært her om vinteren.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 «Angarskiy pereval». crimea.info (på russisk). Arkivert frå originalen den 6. februar 2008. Henta 7. september 2012. 
  2. «Angarskiy pereval- 45». Concise tourguide around Krimhalvøya (på russisk). Arkivert frå originalen 25. august 2011. Henta 7. september 2012. 

44°45′30″N 34°20′27″E / 44.75833°N 34.34083°E / 44.75833; 34.34083