Simferopol

by i Ukraina

Simferopol (ukrainsk Сімферополь; russisk Симферополь; gresk Συμφερόπολις, Symferopolis; krimtatarisk Aqmescit) er den nest største byen i Krim i Ukraina. Byen ligg ved elva Salhir og har kring 340 000 innbyggjarar (2006), dei fleste russarar. Simferopol er eit senter for politikk, økonomi og samferdsle på halvøya. Det er trolleybusssamband med Jalta.

Simferopol
Сімферопoль, Симферополь, Aqmescit
by
Flagg
våpen
Kallenamn: Город пользы  (russisk)
Byen for nytte
Land  Ukraina
Region Krimhalvøya
Rajon Simferopol kommune
Høgd 350 moh.
Koordinatar 44°56′53″N 34°6′15″E / 44.94806°N 34.10417°E / 44.94806; 34.10417
Areal 107 km²
Folketal 340 600  (2006)
Folketettleik 3 183 / km²
Grunnlagd 1784
Borgarmeister Viktor Ageev
Tidssone EET (UTC+2)
 - Sommartid EEST (UTC+3)
Postnummer 95000—95490
Retningsnummer +380 652
Bilnummer AK
Kart
Simferopol
44°56′54″N 34°06′00″E / 44.948376°N 34.100039°E / 44.948376; 34.100039
Wikimedia Commons: Simferopol
Nettstad: http://www.simferopol-rada.gov.ua

Arkeologiske funn syner at det fanst ein gammal skytisk by i Simferopol, ofte kalla Skytisk Neapol. Her låg òg den krimtatarisk byen Aqmescit. Etter at Krim-khanatet vart annektert av Det russiske imperiet fekk byen namnet Simferopol.

Soge endre

Skyterane hadde ein by på denne staden og den greske kolonien Skytisk Neapolis låg der [1].. På 1500-talet bygde krimtataraneane byen Akmechet der[1]. I 1784 tok Det russiske imperiet byen og Krim-khanatet og endra namnet til Simferopol (Симферополь).

Under Krimkrigen (1854-1856) vart over 30 000 av dei russiske soldatane som forsvara byen drepne.[treng kjelde]

Den 13. november 1920 tok bolsjevikane byen frå dei kvite troppane, leia av general Pjotr Nikolajevitsj Wrangel (Пётр Николаевич Врангель). Den 19. oktober 1921 var Simferopol hovudstaden i Den autonome sosialistiske sovjetrepublikken Krim.

Under andre verdskrigen var byen under tysk okkupasjon frå 1. november 1941 til 13. april 1943. Meir enn 22 000 av innbyggarane vart massakrerte av tyskarane.[2]

Medan Nikita Khrusjtsjov var generalsekretær i Det sovjetiske kommunistpartiet vart Krimhalvøya overført til Ukraina og Simferopol vart ukrainsk.

Geografi og klima endre

Simferopol ligg sør i det sentrale området av Krimhalvøya. Byen ligg ved elva Salhir og nær det kunstige Simferopolreservoaret, som gjev byen reint drikkevatn.

Byen har eit fuktig subtropisk eller maritimt klima (avhengig av kva versjon av Köppen si klimaklassifisering ein nyttar), nær grensa til fuktig kontinentalklima. Somrane er varme og med høg luftfukt, medan vintrane er kalde og våte, og ofte snørike. Middeltemperaturen i januar er 3 °C og 26,3 °C i juli. Nedbørsmengda er 509 mm i året og totalt er det i snitt 2569 soltimar på eit år.

Vêrdata for Simferopol, 1981-2010
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Høgast målte °C 20,4 21,9 28,7 31,5 34,2 37,7 39,3 39,5 37,2 33,3 28 25,4 39,5
Gjennomsnittleg maks °C 3,9 4,7 9,1 15,9 21,4 25,7 28,9 28,7 23,1 17 10,4 5,6 16,2
Døgnmiddeltemperatur °C 0,2 0,4 3,9 9,9 15,1 19,5 22,3 22 16,9 11,3 5,8 2 10,8
Gjennomsnittleg min °C −2,9 −3,2 −0,3 4,8 9,5 13,9 16,5 16,1 11,2 6,8 2,2 −1,1 6,2
Lågast målte °C −26 −30,3 −18,4 −11,1 −8,4 0,7 3,6 3,8 −5,1 −11,4 −21,7 −23,2 −30,3
Gjennomsnittleg nedbør mm 39 36 37 34 34 58 46 52 42 42 49 45 514
Gns. dagar med regn 12 11 11 11 10 11 8 7 10 11 13 13 128
Gns. solskinstimar i månaden 86,8 101,7 164,3 210 282,1 315 341 316,2 261 204,6 114 74,4 2 471,1
Kjelde: Pogoda.ru.net,[3] Hong Kong Observatory[4] for data of sunshine hours

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Gyldendals store konvensasjonsleksikon, Bind 5: S-Å, GyldendalNorsk Forlag, 1972.
  2. «Simferopol». simferopol.ws (på russisk). Henta 10. september 2012. 
  3. «Climate Averages for Simferopol». Henta 21. april 2012. 
  4. Climatological Information for Simferopol' i Ukraina Arkivert 2013-12-07 ved Wayback Machine. - Hong Kong Observatory