Anja Abusland

norsk politikar

Anja Ninasdotter Abusland (fødd 25. november 1995) er ein norsk sjukepleiar og politikar frå Finsland i Vest-Agder. Ho vart stortingsrepresentant for Vest-Agder og Senterpartiet i 2021.

Anja Abusland

Fødd25. november 1995 (28 år)
Statsborgar avNoreg
PartiSenterpartiet
Yrkepolitikar, sjukepleiar
Alle verv

Abusland var kommunestyrerepresentant i Songdalen i åra mellom 2015 og 2019. Etter at kommunen vart nedlagd og heimstaden innlemma i Kristiansand, vart ho i 2019 vald inn i Kristiansand bystyre der ho vart leiar for helseutvalet. Ved stortingsvalet 2021 var ho Senterpartiet sin fyrstekandidat i Vest-Agder og tok sisteplassen på Vest-Agder-benken. På Tinget er ho medlem i Arbeids- og sosialkomiteen.

Kjelder endre