Annette Vilhelmsen

dansk politikar

Annette Vilhelmsen (fødd 25. oktober 1959 i Svendborg) er ein dansk politikar og tidlegare partileiar for Socialistisk Folkeparti. Ho var medlem av Folketinget frå 2011 til 2015, og var vald inn frå Fyns Storkreds.

Annette Vilhelmsen

Fødd24. oktober 1959 (64 år)
Svendborg
Statsborgar avKongeriket Danmark
PartiSocialistisk Folkeparti
Yrkepolitikar, lærar
Utdanna vedDen frie Lærerskole
Alle verv
  • folketingsmedlem (–2015) Sjå dette på Wikidata
Annette Vilhelmsen (t.v.) saman med statsminister Helle Thorning-Schmidt og Holger K. Nielsen 16. oktober 2012.
Foto: Steen Jensen

Vilhelmsen blei vald til leiar av Socialistisk Folkeparti 13. oktober 2012, då ho tok over for Villy Søvndal.[1] Ho trekte seg 30. januar 2014 etter å ha mista støtta i partiet på grunn av statleg nedsal i Dong Energy, noko Vilhelmsen var for. Samstundes trekte ho partiet ut av regjeringa.[2] [3]

Vilhelmsen var nærings- og vekstminister frå 16. oktober 2012 til 9. august 2013.[4] Då tok ho over som sosial-, barne- og integrasjonsminister, ein post ho hadde fram til 3. februar 2014.[5]

Kjelder endre

  1. Johan Blem Larsen Og Thomas Søgaard Rohde (13. oktober 2012): Annette Vilhelmsen er ny formand for SF Arkivert 21. februar 2014 på Wayback Machine.. JydskeVestkysten.
  2. Christian Venderby og Troels Beha Pedersen (30. januar 2014): SF forlader regeringen - Annette Vilhelmsen går af Børsen
  3. Simon Fancony og Ritzau (30. januar 2014): SF forlader regeringen, Vilhelmsen går af. Information.
  4. Mikael Rømer (16. oktober 2012): Ole Sohn gav Vilhelmsen røde og gule kort. Danmarks radio
  5. Line Carlslund Rasmussen og Keyvan Bamdej (9. august 2013): Her er rokadens store vindere og tabere Berlingske Tidende.