Anzio

kommune i Italia

Anzio er ein by og ein kommune i provinsen Roma i regionen Lazio i Italia. Kommunen har vel 53 000 ibuarar (2013) og dekker ei flatevidd på 43,6 km².

Anzio

Byen, som ligg 58 kilometer sør for Roma, er ein hamne- og fiskeriby ved Tyrrenhavet. Ferjer og båtruter går til dei pontinske øyane Ponza, Palmarola og Ventotene.

Under andre verdskrigen fann Operation Shingle stad ved Anzio i januar 1944, ein avgjerande landgang av allierte styrkar. I romartida var staden under namnet Antium ein kjærbadestad for eliten i Roma.

Keisar Nero vart fødd i Antium.

Kjelder endre