Ponza er den største av Dei pontinske øyane Italia. Ho ligg 33 km sør for neset Circeo i Tyrrenhavet. Det er òg namnet på ein kommune på øya, ein del av provinsen Latina i Lazio.

Ponza
Geografi
Stad Tyrrenhavet
Koordinatar 40°54′N 12°58′E / 40.900°N 12.967°E / 40.900; 12.967
Øygruppe Dei pontinske øyane

Areal 7,3 km²

Høgaste punkt Monte Guardia (280 moh.)

Administrasjon
Land Italia
Region
Provins
Lazio
Latina

Demografi
Folketal 3 242 (2004)
Folketettleik 444 /km²
Den mest populære stranda på Ponza

Geografi endre

Ponza er den største av Dei pontinske øyane, som er restane etter utdøydde vulkanar, med eit overflateareal på 7,3 km². Ho er forma som ein halvmåne med ei stor strand kalla Spiaggia di Chiaia di Luna (Halvmånestranda) og eit par mindre strender. Elles har ho stort sett ein klippefull kyst av kaolin og kalktuff og er kjend for dei mange spesielle steinformasjonane.

Øya er kjend for dei blå grottene sine, som vart danna av etruskarar. Det romerske galleriet er ein gamal romersk tunnel frå byen Ponza til den store stranda Chiaia di Luna på vestsida. Det er ruinar etter egyptiske, kanaanske, greske og føniske gravstader midt på øya. Ho har fleire mindre landsbyar, av dei Commune di Ponza, Santa Maria og Le Forna.

Økonomi endre

Byen Pona er fiske- og båthamn med eit stort hamnebasseng som kan ta imot store skip. Den største industrien er turisme, etterfølgt av båtbygging, båtreparasjonar og fiske. Det går ferjesamband til øya med ei lita bilferje og fotgjengarar kan ta dei raske hydrofoilane. Ponza har diverse båtsamband til Napoli, Terracina, Formia og Anzio.

Utgravinga etter kaolinitt på nordsida av øya er lagt ned. Kaolin vert nytta til medisinen kaolin-pektat. Øya har mange arkeologiske ruinar. Ein veg går frå nord til sør på øya, men kan berre handsame små køyretøy.

Dei fleste innbyggjarane har kaniner og høner og andre dyr i bur for å nytte dei som kjøtt for å lage cacciatore. Andre dyr er geiter, lam og duer.

Historie endre

Øya har vore busett sidan yngre steinalder og gjennom romartida. I følgje lokale segner vart Ponza kalla opp etter den romerske guvernøren Pontius Pilatus, mannen som dømde Jesus for kjetteri. Dette er ein derimot ueinige om fordi namnet Pontia dukkar opp i Strabo sitt verk Geographia.

I antikken vart øya kalla Tyrrehenia. Segna seier at Ponza er det som er igjen av den forsvunne øya Tyrrhenia, som har ei liknande soge som Atlantis. Ponza skal ha vore forbunde til fastlandet via ei smal landtunge, som sokk i havet i lag med store delar av øya. I følgje segna var det ein stor by på den gamle øya. Arkeologiske funn viser at det truleg var ein stor by på øya. Til dømes har ein i hamna i Pozzuoli oppdaga at havet har stige og minka fleire gonger dei siste 5 000 åra og ein har funne romerske tempel under overflata.

Ponza vart først kolonisert av etruskarar frå Etruria. Øya var dekt av skog i antikken, men skogen er i dag borte og åsane er dekte med handlaga terrassar, som liknar dei ein kan sjå i Peru. Den høgaste toppen på øya er Monte Guardia på 280 moh, og her ligg framleis restar av rotnande trestumpar. Av avlingar på desse terrassane finn ein druer for produksjon av vin og opuntia og fiken. Det er etruskiske ruinar på delar av øya i lag med dei romerske ruinane, Il Mommio eller Il Mitreo («Mumien» eller Mitraeum) som er ein tre tusen år gamal marmorstatue som vart funne i hamna. Statuen står i dag i eit museum i Napoli og er den eldste av sitt slag.

I romartida vart Nero Cæsar, eldste bror til Caligula, deportert til Ponza i år 29 e.Kr., der han i år 30 vart avretta. To av systrene hans Agrippina den yngre (mor til keisar Nero) og Julia Livilla vart plassert på Ponza i eksil i år 39 for at dei medverka i eit komplott om å styrte Caligula. Dei vart kalla tilbake til Roma i år 41.

Ponza vart forlate i mellomalderen på grunn av stadige plyndringstokt frå sarasenarar og sjørøvarar. I 1552 slo den osmanske flåten under Turgut Reis sin kommando (kjend som Dragut i Vesten) den spanske flåten til Keisar Karl V under kommandoen til den kjende genuesiske admiral Andrea Doria nær Ponza. På 1700-talet koloniserte Kongedømet Napoli øya på nytt. I dag er øya ein stor turistdestinasjon med store sandstrender som Chiaia di Luna eller Halvmånestranda.

Øya har vorte erobra av spanjolar, engelskmenn, grekarar, franskmenn, maurarar, kartagenarar, libyarar, egyptarar, fønikarar, anatoliarar og kanaanittar.

Øya vart ein del av Italia på midten av 1800-talet. Sidan øya er så pass isolert vart ho nytta som ein straffekoloni av forskjellige regime. Under dei to tiåra med facisme vart Ponza og den nærliggande Ventotene nytta som fengsle for politiske motstandarar av Mussolini sitt regime. Den etiopiske leiaren Ras Immiru, som vart fanga av den italienske hæren i 1936, vart fengsla i eit hus på Santa Maria. Mussolini sjølv vart sett i fengsel på øya i fleire veker etter han vart styrta og arrestert i 1943.

Øya er kjend for den tragiske soga om Lucia Rosa, som kasta seg sjølv i Tyrrenhavet etter at ho vart tvunge til å gifte seg med ein mann av faren og ikkje han ho sjølv ville ha. Mange kvinner ser på ho som ein martyr for kvinnerettar og eit symbol for menneskerettar.

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Ponza

Kjelder endre

  • Greg Annusek (2005). Hitler's Raid to Save Mussolini: The Most Infamous Commando Operation of World War II. Cambridge: Da Capo Press. s. 106-107. ISBN 0-306-81396-3.