Arnanipa tunnel er ein einspora tunnel for jarnbanelina Bergensbanen (Vossabanen) gjennom fjellet Arnanipa, som eigenleg har namnet Ådnanipa, i Arna i Bergen kommune. Tunnelen er 2190 meter lang, og vart opna i 1964 som lekk i den omlegginga av Bergensbanen til ein stuttare trasé som bygginga av Ulrikstunnelen òg var ein del av. Før desse to tunnelane var bygde, gjekk toget om Garnes og Nesttun på den siste strekninga inn til Bergen stasjon. På delar av denne strekninga, som no er lagd ned, er det museumsjarnbane, Museet Gamle Vossebanen, med køyring av veterantog i sommarsesongen.

Innkøyringa til Arnanipatunnelen frå Arna stasjon.

Jarnbanetunnelen er den eine av to tunnelar gjennom Arnanipa. Den andre, som vanlegvis vert kalla Arnanipatunnelen (i eitt ord), er ein 2133 meter lang vegtunnel for Europaveg 16, opna i 1980.