Arne Lundby

norsk fysikar

Arne Lundby (19231991) var ein norsk fysikar. Lundby er kjend for fleire arbeid innan eksperimentell kjernefysikk og elementærpartikkelfysikk, særskild for arbeid utført med høgenergi partikkelakseleratorar.

Arne Lundby
Fødd1923
Død1991
Yrkefysikar
InstitusjonarUniversitetet i Oslo

Han studerte i Birmingham og Chicago i åra 1946 til 1950 og tok doktorgraden ved Universitetet i Birmingham i 1948.

Han arbeidde først som avdelingsleiar ved Institutt for atomenergiKjeller og frå 1958 var han forskingsleiar ved det europeiske forskingssenteret CERN i Genève. Han vart professor ved Universitetet i Oslo frå 1966.

Kjelder endre