Arnt Ulstrup

norsk politikar

Arnt Severin Ulstrup (24. september 18621922), opphavleg Arnt Severin Axelsen, var ein norsk lege frå Brekkestø i dåverande Vestre Moland i Aust-Agder. Han var stortingsrepresentant for Høgre og krinsen ØsterrisørStortinget i periodane 1910-1912 og 1913-15.

Arnt Ulstrup
Fødd24. september 1862
Død14. juli 1922 (59 år)
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar
Alle verv

Ulstrup var son til ein skipper og gardbrukar. Han vart student i 1883. I 1890 var han ferdig utdanna cand.med. og praktiserte som lege i Lillesand til han i 1891 flytta til Risør, der han i 1910 vart sjukehuslege. Frå 1914 var han bylege i Risør.

Ulstrup, som fyrst i 1902 tok mora sitt etternamn, var medlem av bystyret i Risør frå 1894. Attåt var han styremedlem av den lokale sparebanken, nestleiar i Østlandske fiskeriselskap, stiftar og formann i både Risør havfiskefond og av Risør og omegns fiskeriforening.

Stortingsperiodane 1910-12 og 1913-15 representerte han Risør på Tinget. Begge valperiodane var han medlem av Næringskomiteen, ei kort tid i 1913 var han nestleiar i komiteen.

Kjelder endre