Arve Seland

norsk fotballspelar

Leif Arve Seland (fødd 12. desember 1963) er ein norsk tidlegare fotballspelar frå Fevik i Aust-Agder. Seland var ein angrepsspelar med fart som sin beste eigenskap.

Arve Seland
Statsborgarskap Noreg
Fødd 12. desember 1963 (60 år)
Arendal
Idrett fotball
Tok del i

Sommar-OL 1984

Karriere endre

Klubbspel endre

Seland seriedebuterte med sjettedivisjons-laget Express. 1981-83 spelte han for FK Jerv i 3. divisjon. Frå 1984 var han IK Start-spelar, med sine 12 mål toppskårar i 1. divisjon 1986. Langvarig skadd frå 1987, var aldri sidan i nærleiken av tidlegare toppnivå. Aktiv 1992-94 i Øyestad IL på nivå 3 og 4 i seriesystemet, til sist 1995-96 i Tveit IL.

Landslagsspel endre

Seland fekk sin debut i OL-turneringa 1984. Han deltok i Boston alle tre OL-kampane til Noreg. 20. desember 1984 vart han matchvinnar då Noreg slo Egypt 1–0 i Ismailia, hans einaste landslagsmål. Han spelte sin 12 og siste landskamp då Noreg vann med 2–0 over Frankrike i ein kvalifiseringskamp til EM i fotball 1988.

Merittar endre

  • Bronse i 1. divisjon: 1984 med IK Start

Kjelder endre