Fevik er ei bygd i Grimstad kommune i Agder fylke. Staden ligg ved Fevikkilen, om lag åtte kilometer nordaust for Grimstad sentrum, og om lag tolv kilometer sørvest for Arendal sentrum. Riksveg 420 går gjennom Fevik, og Europaveg 18 går like nordom.

Fevik
stad
Land  Noreg
Fylke Agder
Kommune Grimstad
Postnummer 4870 FEVIK
Kart
Fevik
58°22′42″N 8°40′34″E / 58.3782°N 8.67601°E / 58.3782; 8.67601
Wikimedia Commons: Fevik

Fevik er eit populært reisemål sommarstid, og turisme er ein viktig næringsveg, men dette var meir utprega på 1950- og 1960-talet.

Fevik var tidlegare definert som tettstad, men frå 1. januar 2013 slo Statistisk sentralbyrå det saman med tettstaden Arendal.[1]

Kjelder endre

  Denne geografiartikkelen som har med Agder å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.