Augustenborg er ein hamneby på den danske øya Als ved austkysten av Jylland. Han har 3 284 innbyggarar (2014), og var fram til 2007 hovudsete i Augustenborg kommune.[1] Ved kommunalreforma i 2007 blei han ein del av Sønderborg kommune. Nær byen ligg Augustenborg slott.

Augustenborg
by
Land  Danmark
Region Region Syddanmark
Kommune Sønderborg kommune
Folketal 3 288 (2016)
Kart
Augustenborg
54°57′07″N 9°52′20″E / 54.95201°N 9.87216°E / 54.95201; 9.87216
Wikimedia Commons: Augustenborg, Als

Augustenborgarane endre

Byen oppstod rundt Augustenborg slott som blei bygt i åra etter 1651 av Ernst Günther, ein medlem av huset Slesvig-Holsten-Sønderborg-grenen og kadett i det danske kongehuset. Slottet, og seinare byen, fekk namn etter Ernst si kone Auguste, som stamma frå det same fyrstehuset som han.

Slottet blei hovudsetet til slektslinja deira, og greina blei kalla Augustenborg etter dette. Seinare blei Ernst utnemnd til «hertug av Augustenborg» av ein dansk konge. Prominensen til slekta voks på slutten av 1700-talet, og under usemja om det nasjonale tilhøyret til Schleswig-Holstein på 1800-talet var det eit symbol for den pro-tyske nasjonalistiske rørsla i området. I 1864 annekterte Preussen området, men i 1920 blei det gitt tilbake til Danmark ved gjenforeininga etter folkeavstemminga.

Den mannlege linja til Huset Augustenborg døydde ut i 1931 med hertug Albert av Schleswig-Holstein, eit av barnebarna til Victoria av Storbritannia. Kong Carl XVI Gustav av Sverige nedstammar frå den kvinnelege linja i huset.

Sjåverdig endre

Augustenborg slott endre

 
Augustenborg slott

Slottet har vore i bruk som psykiatrisk sjukehus. Ved inngangen til anlegget finst ei utstilling som viser historia til slottet, byen og hertugdømmet. Slottskyrkja er open for besøkande om sommaren, og i periodar blir det halde omvisingar.

Christian Frederik (kong Kristian VIII av Danmark) gifta seg med den andre kona si Caroline Amalie på slottet 22. mai 1815. Slottet var barndomsheimen hennar.

Fredsegen i Augustenborg og H.C. Andersens Lind ligg ved slottet.

Her ligg òg skulpturparken Augustiana.

Kjelder endre

  1. Danmarks Statistik: BEF44 2014. (Besøkt 17. august 2014)

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Augustenborg