Augustinus Johannesson Sellevold

norsk politikar

Augustinus Johannesson Sellevold (3. mai 18033. februar 1893) var ein norsk fiskarbonde og politikar frå Nordland.

Augustinus Johannesson Sellevold
Fødd3. mai 1803
Bjørnskinn
Død3. februar 1893 (89 år)
Statsborgar avNoreg
Yrkepolitikar, fiskar, bonde
Alle verv
Bauta ved Dverberg kyrkje

Sellevold var fødd på garden Bø i Bjørnskinn. I barneåra gjekk han årleg åtte dagar i skule. Kunnskapstrongen var stor, så han las elles alt han kom over av ymse skrifter. Då han fekk tilstrekkeleg inntekt, kunne han også kjøpe seg bøker, og han lærte seg ved sjølvstudium mellom anna tysk. 12 år gammal byrja han å skrive vers, med blekk laga av sot og vatn.

Han reiste på fiske fyrste gong i tiårs-alderen, dette levde han av til han var 24 år. Då hadde han skaffa seg rorbu og hjellbruk i Nyksund. I 1837 kjøpte han garden Sellevold i Dverberg, busette seg der og dreiv ein kombinasjon av landbruk og fiskeri.

Sellevold var 4. representant for Nordlands amtStortinget 1845 og 1848. I 1845 var han medlem av næringskomite nr 1 og i 1848 av Lagtinget, bankkomiteen, og komiteane om skattestellet i byane og om pengekrisa.

Sellevold var også aktiv i lokalt styre og stell, sat 1840-66 i heradstyret og formannskapet i Dverberg. Han var ordførar i 1840–44, 1848–52, 1856–60, formann 1861–62 og varaordførar 1863–64. Perioden 1842-72 var han forlikskommissær.

Sellevold stifta i 1860 Dverberg Misjonsforening. Han var også aktiv for fråhaldssaka. «Efter et farefuldt forlis paa en reise til Tromsø 1874 blev han døv og da dette tok til, kunde han ikke motta nyt valg som stortingsmann.»[1]

I samtida var Sellevold også kjend som diktar av salmar og andre vers, som han gjerne forfatta medan han rodde fiske. Enkelte av dikta og småskriftene kom på trykk, delvis i aviser. Elles vart lite bevart for ettertida. Hausten 2009 vart hans «Stenkjærs klagesang» frå 1854 utgjeven på cd, songen av Ola Fjellvikås.[2]

80 år gammal var Sellevold tildelt Borgardådsmedaljen i sølv. I sine siste år var han blind. Han døydde i 1893.

Ved Dverberg kyrkje står ein bauta over Sellevold.

Kjelder endre

Notar endre

  1. Lindstøl:Stortinget og Statsraadet
  2. Oppslag på Steinkjerleksikonet på nett; besøkt 21. september 2009. Sjå også lydfil.

Bakgrunnsstoff endre