Aust-Sibir-havet

hav

Aust-Sibir-havet er eit randhav i Nordishavet. Det ligg mellom Kapp Arktis i nord, kysten av Sibir i sør, Nysibirøyane i vest og Kapp Billings, nær Gytkhelen i Tsjukotka og Wrangeløya i aust. Havet grensar til Laptevhavet i vest og Tsjuktsjarhavet i aust.

Aust-Sibir-havet
russisk Восточно-Сибирское море; Vostotsjno-Sibirskoje more
hav
Satellittbilete av Nysibirøyane med Laptevhavet til venstre og Aust-Sibir-havet til høgre.
Land  Russland
Del av Polhavet
Kart
Aust-Sibir-havet
72°N 163°E / 72°N 163°E / 72; 163
Wikimedia Commons: East Siberian Sea

Havet dekkjer 361 000 km² og 70 % av det er ikkje djupare enn 50 meter. Det djupaste punktet er 155 meter. Kysten er stort sett flat i vest, opp til munningen av elva Koljma og fjellkledd i aust. Middeltemperaturen i lufta er 0-2 °C (4 °C i sør) om sommaren og om vinteren ned mot -30 °C.

Det er ingen øyar sentralt i Aust-Sibir-havet og berre nokre få øyar langs kysten, som Ajonøya og Medvjezjiøyane.

Sidan det ligg så langt nord er Aust-Sibir-havet dekt av is det meste av året.

Av store elvar som renn ut i Aust-Sibir-havet finn ein Indigirka, Alazeja, Ujandina, Kolyma, Rautsjua, Tsjaun og Pegtymel.

Dei største hamnebyane er Pevek og Logasjkino.

Historie endre

Havet vart segla av russiske sjøfararar frå ein elvemunning til den neste i kotsjar så tidleg som 1600-talet. I 1648 segla Semjon Dezjnev og Fedot Alekseev langs kysten av Aust-Sibir-havet frå Kolyma til Anadyrelva i Beringhavet. Systematisk utforsking og kartlegging av havet og kysten vart utført i fleire ekspedisjonar i 1735-42, 1820-24, 1822, 1909 og 1911-14.

Sjå òg endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Aust-Sibir-havet

72°N 164°E / 72°N 164°E / 72; 164