Bödeli er ei landtunge mellom Thunsjøen og Brienzersee i Berner Oberland i Sveits. Elvane Lütschine frå sør og Lombach frå nord har sidan den siste istida ført med seg avsetjingar som har skild dei to innsjøane frå kvarandre. I dag ligg Brienzersee to meter høgare enn Thunsjøen, og elva Aare renn frå den eine innsjøen til den andre, gjennom Bödeli.

Sluser kontrollerer vassføringa i Aare i midten av Bödeli.

I Bödeli ligg byane Unterseen, Interlaken og Matten, og i sør grensar området til kommunane Wilderswil og Bönigen.

Kjelder endre

46°41′02″N 7°51′14″E / 46.684°N 7.854°E / 46.684; 7.854