er hovudgarden i den gamle Bø-sokna i Radøy. Garden er sterkt oppdelt, i meir enn tjue små bruk. Dessuten er det frådelt mange bustadtomter i eit kommunalt byggjefelt på Bø. Garden var frå gammalt ått av Munkeliv kloster. Namnet tyder 'bustad'.

stad
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Alver
Postnummer 5936 MANGER
Gardnummer 24

Garden vart truleg rydda for rundt 2000 år sidan. Garden vart delt i to bruk alt i mellomalderen, og vidare oppdelt i mange omgangar til det var tjue gardsbruk på slutten av 1800-talet.

Hordabø kyrkje står ovanfor Bøvågen. Den førse kyrkja vart reist her på 1100-talet, og garden kan ha vore prestegard alt frå den gongen, men det er meir truleg at presten budde på Rikstad. I 1784 vart det gjeve kongeleg løyve til å etablere gjestgjeveri i Bøvågen.

Kjelder endre