BKK Nett
Opplysningar | |
---|---|
Namn: | BKK Nett AS |
Skipa: | 1920 |
Omsetning: | 3 291 000 000 kroner |
Montert effekt: | 1665 MW |
Årsproduksjon: | 6608 GWh |
Administrerande direktør: | Ketil Tømmernes |
Hovudkontor: | Bergen |
Største eigarar: | Statkraft (49,90 %), Bergen (37,75 %), Askøy (2,48 %) |
BKK Nett (tidlegare Bergenshalvøens Kommunale Kraftselskap) er det største kraftlaget på Vestlandet, og det femte største kraftlaget i Noreg. Kraftlaget driv produksjon, overføring og sal av elektrisk kraft. I tillegg har verksemda dei siste åra satsa på nye tenester som telefoni og breiband. BKK Nett hadde i 2005 ei omsetning på 3,29 milliardar kroner, og eit overskot på 1,44 milliardar kroner. Administrerande direktør er Ketil Tømmernes.
Soge endre
BKK Nett vart skipa 2. juni 1920, etter nokre års strid mellom landkommunane og Bergen om vassdragsrettane til Bergsdalsvassdraget. Den første utbygginga BKK Nett gjennomførte, var utbygginga av nettopp dette vassdraget, som vart økonomisk mogleg gjennom eit svært heldig dollarlån - der kraftlaget tente gode pengar på stigande kronekurs.
Vassdrag endre
BKK Nett har kraftverk og eigarinteresser i følgjande vassdrag.
Samnangervassdraget endre
I Samnanger kommune, Hordaland. Opphavleg utbygd av Bergen Lysverker (oppkjøpt av BKK Nett i 1996).
- Frøland kraftverk - i drift 1912, vassdraget ferdig utbygd 1921. Årsproduksjon 138 GWh.
- Grønsdag kraftverk - i drift 1948. Årsproduksjon 138 GWh.
- Kvittingen kraftverk - i drift 1984. Årsproduksjon 160 GWh.
- Myra kraftverk - i drift 1988. Årsproduksjon 10 GWh.
Bergsdalsvassdraget endre
I Vaksdal og Voss kommunar, Hordaland.
- Dale kraftverk - i drift 1927, utvida 1951 og modernisert 1990. Årsproduksjon 671 GWh.
- Fosse kraftverk - i drift 1954. Årsproduksjon 141 GWh.
- Kaldestad kraftverk - i drift 1964. Årsproduksjon 89 GWh.
Matre- og Haugsdalsvassdraget endre
I Masfjorden kommune, Hordaland og Høyanger kommune, Sogn og Fjordane.
- Matre kraftverk - i drift 1959 (Haugsdalsvassdraget) og 1961 (Matrevassdraget). Årsproduksjon 1302 GWh.
- Hommelfoss kraftverk - i drift 1944, modernisert 1985. Årsproduksjon 14 GWh.
- Stordal kraftverk - i drift 1974. Årsproduksjon 58 GWh.
- Vemundsbotn kraftverk - i drift 1976. Årsproduksjon 165 GWh.
- Vestrebotn kraftverk - i drift 1999. Årsproduksjon 14 GWh.
Eksingedals- og Teigdalsvassdraget endre
I Voss, Vaksdal og Modalen kommunar, Hordaland og Vik kommune, Sogn og Fjordane.
- Evanger kraftverk - i drift 1969, siste turbin i drift 1977. Årsproduksjon 1435 GWh.
- Oksebotn kraftverk - i drift 1988. Årsproduksjon 44 GWh.
- Myster kraftverk - i drift 1987. Årsproduksjon 307 GWh.
Modalsvassdraget endre
I Modalen kommune, Hordaland, Vik kommune og Høyanger kommune, Sogn og Fjordane.
- Steinsland kraftverk - i drift 1981. Årsproduksjon 640 GWh.
- Hellandsfoss kraftverk - i drift 1992. Årsproduksjon 127 GWh.
- Åsebotn kraftverk - i drift 1994. Årsproduksjon 64 GWh.
- Nygard pumpekraftverk - i drift 2005.
Andre vassdrag endre
I tillegg kjem mindre kraftverk og vassdrag, samt andre kraftverk der BKK Nett berre har eigarinteresser, mellom anna Sima kraftverk i Eidfjord kommune.
Samla årsproduksjon for BKK Nett var i 2005 6500 GWh.
Eigarar endre
BKK Nett er eigd av kommunar og fylkeskommunar i Hordaland. Statkraft har dei siste åra kjøpt seg opp ved å kjøpe aksjar frå mellom anna Os kommune.
- Statkraft - 49,90 %.
- Bergen kommune - 37,75 %
- Askøy kommune - 2,48 %
- Lindås kommune - 1,95 %
- Fjell kommune - 1,89 %
- Sund kommune - 1,02 %
- Kvam herad - 0,90 %
- Meland kommune - 0,76 %
- Radøy kommune - 0,74 %
- Voss kommune - 0,62 %
- Øygarden kommune - 0,52 %
- Austrheim kommune - 0,43 %
- Vaksdal kommune - 0,37 %
- Gulen kommune - 0,27 %
- Høyanger kommune - 0,12 %
- Fedje kommune - 0,12 %
- Masfjorden kommune - 0,10 %
- Granvin herad - 0,05 %