Statkraft AS er eit internasjonalt kraftselskap og den største produsenten av fornybar energi i Europa. Konsernet produserer vasskraft, vindkraft, gasskraft og fjernvarme, og er ein global marknadsaktør innan energihandel. Statkraft har om lag 4200 tilsette i meir enn 20 land og er heileigd av den norske staten. Hovudkontoret ligg i Lilleakerveien 6 på Lilleaker i Oslo.

Statkraft

Org.formAksjeselskap
Org.nr.987059699
BransjeKraft og energi
Skipa1. januar 1992
EigarNærings- og fiskeridepartementet
DotterselskapStatkraft Energi
HovudkontorLilleaker (Lysaker) i Oslo
LandNoreg,[1][2] Tyskland[3]
Produktenergi
Adm.dir.Christian Rynning-Tønnesen (2010)[4]
Tilsetteca. 4200 (2015)
Omsetnad52,2 mrd. NOK (2014)
Nettstadhttps://statkraft.no (norsk),[5] https://www.statkraft.com/ (engelsk), https://www.statkraft.de/ (tysk)

Historie endre

Den norske staten kjøpte sitt fyrste kraftanlegg, Paulenfossen i Otra-vassdraget i Vest-Agder, i 1895. I perioden frå 1907 til 1920 kjøpte staten fallrettar for store summar og vart såleis den største vasskrafteigaren i Nord-Europa. Dette var gjennombrotsperioden for Noreg som industrisamfunn, og berebjelken i denne utviklinga var storproduksjon av elektrisk energi basert på vasskraft.

 
Storglomvatn, dambygging i 1942, Nordland, Noreg.

I 1921 vart NVE etablert, og fekk mellom anna ansvaret for å operere staten sine kraftproduksjonsanlegg. Frå 1950-talet skaut vasskraftutbygginga fart, og staten bygde store vasskraftverk over heile landet. Tre av dei største prosjekta var Aura-utbygginga i Møre og Romsdal, Røssåga-anlegga i Nordland og Tokke-anlegga i Telemark. Ei av de siste store utbyggingane til Statkraft var Ulla-Førre-anlegga i Rogaland, som stod ferdig i 1988. Kvilldal kraftverk var då det største kraftverket i Noreg.

I 1986 vart Statskraftverkene skilt frå NVE og oppretta som ei statleg forvaltingsbedrift. Seinare, 1. januar 1992, vart så Statskraftverkene delt i to, Statkraft og Statnett. 10 år seinare, 1. januar 2002, vart eigarskapet for Statkraft overført frå Olje- og energidepartementet til Nærings- og handelsdepartementet. I 2004 vart Statkraft reorganisert til eit statleg aksjeselskap, Statkraft AS, heileigd av den norske staten.[6]

Frå 1990 kjøpte Statkraft opp ei rekkje regionale kraftselskap i Noreg. I 2009 gjennomførte Statkraft og E.ON AG eit byte av Statkraft sine aksjar i E.ON Sverige mot vasskraftverk, fjernvarmeanlegg og gasskraftverk i Tyskland, Sverige og Storbritannia, i tillegg til aksjar i E.ON AG. Verdi på transaksjonen var om lag € 4,5 milliardar og såleis den største avtalen noko norsk selskap til då hadde gjort utanlands.

Den raudgrøne regjeringa gjennomførte i 2010 eit eigenkapitalinnskot på 14 milliardar kroner i Statkraft for at selskapet skulle realisere ein investeringsplan på rundt 82 milliardar kroner. Næringsministar Trond Giske grunngav framlegget med at Statkraft kunne vidareutvikle sin posisjon som den største produsenten av fornybar energi i Europa.

Statkraft i dag endre

Selskapet er i dag den største kraftprodusent i Noreg[7] og den tredje største i Norden.[8] Med om lag 4200 medarbeidarar i Noreg og utlandet, er Statkraft den største produsenten av fornybar energi i Europa, med ei samla installert effekt på 18 159 MW og ein årsproduksjon i 2014 på totalt 56 TWh. Selskapet hadde i 2014 ein brutto omsetnad på 52,2 milliardar kroner. 

Den største delen av Statkraft sin produksjon kjem frå vasskraft. Selskapet hadde 335 vasskraftverk i 2014, 230 av dei ligg i Noreg. I dag bygger Statkraft i fyrste rekke ut ny produksjonskapasitet i vekstmarknader utanfor Europa. I tillegg driv Statkraft utbygging og drift av vindkraft, både på land og til havs, og fjernvarme.

Statkraft er dessutan ein stor aktør på dei europeiske marknadene for omsetjing av energi og energirelaterte produkt. Her leverer Statkraft tenester til ulike oppdragsgjevarar, anten det gjeld små produsentar som vil selge kraft frå eigne kraftverk, eller store industriverksemder som treng ein stor, fast kraftleverandør.

Statkraft er ikkje direkte involvert i nett- og sluttbrukarverksemd. I Noreg er det regionale kraftselskap, der Statkraft har eigarskap, som driv nett- og sluttbrukarverksemd. I Skagerak Energi eig Statkraft 66,62 %, i Agder Energi 45,5 %, i BKK 49,9 %, i Istad 49 %, og i Fjordkraft 59,5 %.

Verksemda til Statskraft endre

Vasskraft endre

Elektrisk kraft produsert i vasskraftverk er ei miljøvennleg energikjelde i generasjon etter generasjon. Dette er fornybar, rein, påliteleg, fleksibel og billeg energi.

 
Monjolinho kraftverk i Rio Grande do Sul, Brasil.

Om lag 99 % av all kraftproduksjon i Noreg kjem frå vasskraft. På verdsbasis utgjer vasskrafta rundt ein sjettedel av den totale kraftproduksjonen. Statkraft har over 100 års erfaring med vasskraft, og er den største produsenten av straum frå vasskraft i Europa. Den største delen av konsernet sin produksjon kjem frå vasskraft.

Per 2014 har Statkraft meir enn 300 vasskraftverk over heile verda. Dei aller fleste av desse kraftverka ligg i Noreg, men Statkraft har òg anlegg i:

  • Sverige
  • Tyskland
  • Storbritannia
  • Peru
  • Chile
  • Tyrkia
  • India
  • Laos
  • Brasil
  • Nepal
  • Filippinene

Statkraft utviklar ny produksjonskapasitet i utvalde land i Sør-Amerika og Sør-Asia. Gjennom selskapet SN Power, der Statkraft eig 50 %, driv Statkraft også vasskraftutvikling i Søraust-Asia, Mellom-Amerika og Afrika. Selskapet legg til grunn at trongen for elektrisitet vil auke mest i desse områda av verda.

Vindkraft endre

Statkraft har produsert vindkraft sidan 2002, då Statkraft åpna Smøla vindpark, Norges største vindpark.

Fleire område har enorme vindressursar som hittil ikkje er nytta. Den britiske delen av Nordsjøen har grunne havområde som egnar seg godt for utbygging av botnfaste vindparkar, og Noreg har òg store vindressursar som omtrent ikkje er utnytta.


I 2014 føregår produksjonen av vindkraft i vindparker i:

  • Noreg
  • Sverige
  • Storbritannia
  • Brasil

Marknadsoperasjoner endre

Statkraft er ein av dei største aktørane på den europeiske engrosmarknaden for elektrisitet. I tillegg opererer selskapet i den finansielle marknaden. Statkraft handlar mellom anna sikringsprodukt med industribedrifter, kraftprodusentar og distribusjonsselskap. Statkraft er òg ein av de største aktørane i verda innan handel med CO2-kvotar.

Gasskraft endre

Gasskraftverk for produksjon av elektrsik kraft har dei lågaste CO2-utslippa av alle kraftverk baserte på fossile brennstoff, og kan erstatte den langt meir forureinande olje- og kolbaserte elektrisitetsproduksjonen. Kraftverka produserer elektrisitet ved hjelp av både gassturbiner og dampturbiner.

Statkraft eig fire gasskraftverk i Tyskland og eitt i Noreg.

I 2014 varsla Statkraft at nye investeringer berre vil bli gjort innanfor fornybar energi.

Fjernvarme endre

Fjernvarme er oppvarming av vatn som vert distribuert til brukarar innanfor eit geografisk område ved hjelp av nedgrevne rørleidninger. Eit fjernvarmeanlegg kan i praksis samanliknast med eit sentralvarmeanlegg som forsyner eitt eller fleire bygg med varmt vatn, som blir brukt til oppvarming gjennom vassbåren golvvarme eller radiatorar, og til oppvarming av tappevatn.

Til produksjon av fjernvarme kan ein nytte fleire ulike energikjelder. Det kan være avfall, biobrensel, varmepumper, deponigass, naturgass, propangass, butangass, elektrisitet eller fyringsolje. Fleire energikjelder kan nyttast samstundes i fjernvarmesystemet. Dette fører til ei stabil og fleksibel forsyning av varme til kundane.

Gjennom Statkraft Varme og Skagerak Varme har Statkraft-konsernet fjernvarmeanlegg i Trondheim, Klæbu, Stjørdal, Namsos, Levanger, Harstad, Haugerud, Bogerud, Nannestad, Moss, Sandefjord, Ås, Gardermoen, Porsgrunn, Tønsberg og Horten. I Sverige har Statkraft Värme produksjon frå flisfyrte varmesentralar i Kungsbacka, Trosa, Vagnhärad og Åmål.

Tidlegare aktivitetsområde endre

Saltkraft endre

Statkraft Hurum saltkraftverk (Statkraft Osmotic Power Prototype) vart åpna på Tofte i Hurum kommune, ved Oslofjorden, i 2009.

Saltkraft er rein, fornybar energi som bygger på naturfenomenet osmose, definert som transport av vatn gjennom ein halvgjennomtrengeleg membran. Når ferskvatn møter saltvatn, for eksempel når ei elv renn ut i havet, blir det frigjort enorme mengder energi. Denne energien kan nyttast til kraftproduksjon gjennom osmose. I saltkraftverk blir ferskvatn og saltvatn ført inn i separate kammer som er skilte av denne kunstige membranen. Saltmolekyla i sjøvatnet trekker ferskvatnet gjennom membranen og aukar trykket på sjøvatnsida. Trykket tilsvarer ein 120 meters vasskolonne eller ein stor foss, og kan nyttast i ein kraftturbin.

Saltkraftverket på Tofte er ikkje lenger i drift.

Storskala solkraft endre

11. mars 2010 åpna Statkraft sin fyrste solpark, Casale, i Aprilia, syd for Roma i Italia. Solparken har ein samla kapasitet på 3,3 MW og ein årleg produksjon på 4,5 millionar kWh. Statkraft er ikkje lenger eigar av dette prosjektet.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre