Balázs Baji (fødd 9. juni 1989) er ein ungarsk hekkeløpar frå Békéscsaba. Han vann sølvmedaljen på 110 meter hekk i europameisterskapen 2016 og bronsemedaljen i verdsmeisterskapen 2017.

Balázs Baji


Statsborgarskap Ungarn
Fødd 9. juni 1989 (34 år)
Békéscsaba
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2012, Friidrett under Sommar-OL 2016

Aktiv endre

 
Balázs Baji til venstre, under EM-finalen 2014

Baji sette ungarsk rekord på 13,36 sekund i forsøket under Friidretts-VM 2013. Han klarte ikkje å kopiere prestasjonen i semifinalen og rauk ut or tevlinga. Året etter flytta han den nasjonale rekorden til 13,31 i semifinalen og 13,29 i finalen ved EM i Zürich, eit løp og ei tid som gav han fjerdeplassen på nøyaktig same tid som bronsemedaljøren Pascal Martinot-Lagarde. I juli 2016 forbetra Baji landsrekorden til 13,28 då han vann sølv ved EM i Amsterdam, tre hundre dels sekund attom franske Dimitri Bascou.

I 2017-sesongen var Baji i sitt livs beste form. Den 5. juni flytta han den ungarske hekkerekorden til 13,24 sekund ved eit stemne i Praha, deretter til 13,23 i Ostrava den 28. i same månaden. Allereie 4. juli vart han klokka inn på 13,15 i Székesfehérvár. I VM-finalen i London 7. august 2017 kneip Baji bronsemedaljen i 110 meter hekk på tida 13,28, hårfint framom tre konkurrentar, men klart slått av Omar McLeod (13,04) frå Jamaica og russaren Sergej Sjubenkov (13,14). Baji fullførte sesongen med 13,35 sekund og siger i øvinga ved universiaden i Taipei.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre