Praha (Høyr Høyr) eller Prag er hovudstaden og den største byen i Tsjekkia. Byen ligg ved elva Moldau i den tidlegare austerrikske provinsen Böhmen. Frå 1993 utgjer Böhmen saman med Mähren Tsjekkia. Frå 1992 har det gamle sentrumet i byen stått på UNESCO si verdsarvliste. Praha var tidlegare òg hovudstaden i Tsjekkoslovakia.

Praha
by
Utsyn over Praha slott
Flagg
Våpenskjold
Land  Tsjekkia
Areal 496,21 km²
Folketal 1 357 326 (1. januar 2023)
Postnummer 1xx xx
Kart
Praha
50°05′15″N 14°25′17″E / 50.0875°N 14.421388888889°E / 50.0875; 14.421388888889
Plassering i Tsjekkia
Plassering i Tsjekkia
Plassering i Tsjekkia
Wikimedia Commons: Prague
Hradčany-slottet med Karlsbrua til høgre i framgrunnen.
Loretto

Historie endre

Byen vart grunnlagd på slutten av 800-talet og vart raskt sete for kongane av Böhmen. Nokre av desse kongane var òg keisarar av det tysk-romerske riket. Byen blomstra under Karl IV si regjeringstid på 1300-talet. Mellom anna voks bydelen Nové Město fram i denne tida. Elles kan nemnast Karlsbrua, St. Vitus-katedralen – den eldste gotiske katedralen i Sentraleuropa. Karlsuniversitetet er det eldste universitetet nord for Alpane. På denne tida var Praha Europas tredje største by.

Med Böhmen kom byen under Habsburgarane og Austerrike-Ungarn. Dei fire uavhengige kommunane som tidlegare utgjorde Praha, vart slegne saman til ein by i 1784. Desse fire var Hradčany, (slottsdistriktet, vest og nord for slottet), Malá Strana (den mindre byen, sør for slottet), Staré Město (gamlebyen, på austsida av elva) og Nové Město (den nye byen, lenger sør og aust). Byen voks vidare med annekteringa av Josefov i 1850 og Vyšehrad i 1883, og i byrjinga av 1922 vart 37 kommunar innlemma i byen. Slik auka innbyggjartalet til 676 000. Byen hadde òg etter at Böhmen vart avstått etter fyrste verdskrig ein stor del tysktalande innbyggjarar. Mange jødar, mellom anna Franz Kafka), budde i byen. Mange av jødane tala tysk, og det var eit rikt kulturliv. Mestedelen av dei 50 000 jødane døydde i Holocaust under andre verdskrig, noko som også i stor grad førte til slutten på det tyske preget på byen.

I august 2002 fann det stad ei alvorleg oversvømming i Praha, der delar av byen måtte evakuerast. Flaumen gjorde store skadar, men lukkelegvis vart ingen viktige landemerke øydelagde.

Verdt å sjå endre

Mellom turistattraksjonar kan nemnast:

Kultur endre

Praha er tradisjonelt eit kulturelt senter med mange teater, operahus, konserthus, galleri og musikklubbar.

Høgskular og universitet endre

I tillegg til Karlsuniversitetet har byen sju andre universitet og høgskular, inkludert Det Tsjekkiske Tekniske Universitetet grunnlagd i 1707. Film kan studerast ved FAMU, den tsjekkiske filmhøgskulen frå 1950-talet.

Transport endre

Offentleg transport i Praha vert utgjort av tre undergrunnsliner i tillegg til ei mengd trikkeliner og bussliner.

Utanfor byen ligg Ruzyně International Airport, som er hovudflyplass for flyselskapet ČSA Czech Airlines.

Ymse endre

Praha er òg sete for dei fleste viktige kontor og institusjonar i Tsjekkia, inkludert presidenten, regjeringa og parlamentet.

Folketalssutvikling endre

1230: om lag 3-4 000 innbyggjarar 1
1370: om lag 40 000 2
1600: om lag 60 000 2
1804: 76 000
1837: 105 500
1850: 118 400 (157.200 inkl. forstader)
1880: 162 300 (314.400 inkl. forstader)
1900: 201 600 (514.300 inkl. forstader)
1925: 718 300
1950: 931 500
1980: 1 182 800
1998: 1 193 300
2001: 1 169 100

Noter:

1 Berre Staré město
2 Staré město, Nové město, Malá Strana og Hradčany
Tala er for det folketalet som til ei kvar tid har vore innanfor Praha sine administrative grenser (inkludert nåverande bydelar i parentes).

Sjå òg endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Praha
  Reiseguide for Praha frå Wikivoyage