Bar Harbor i Maine

Bar Harbor er ein by på øya Mount Desert Island i Hancock County i Maine i USA. Byen er den største på øya, med eit folketal på 5 235 (2010). Han har ei hamn, og det går ferje herfrå til Yarmouth i Nova Scotia i Canada.

Bar Harbor
by
Land  USA
Stat Maine
Areal 3,18 km²
Folketal 5 089 (1. april 2020)[1]
Kart
Bar Harbor
44°23′09″N 68°12′34″W / 44.385833333333°N 68.209444444444°W / 44.385833333333; -68.209444444444
Wikimedia Commons: Bar Harbor, Maine

Byen er eit kjent som ein sommarferieby. Byen huser College of the Atlantic, og nokre biologiske laboratorium. Byen ligg like utanfor Acadia nasjonalpark, og mange gjestar i parken overnattar i byen.

Historie endre

 
Hummarrestaurant ved hamna i byen.

På staden der byen no ligg, hadde wabenakifolk tidlegare vinter- eller sommarbuplass. Det finst i dag spor (køkkenmøddingar), som visar at desse urfolka blant anna levde av fisk, muslingar og andre skaldyr, som hummar, frå bukta. Ulike wabenakistammar kalla høvesvis staden for Man-es-ayd'ik (‘Staden der det blir samla muslingar’) og Ah-bays'auk (‘Staden der det blir baka muslingar’).

I 1604 kom franskmannen Samuel de Champlain til området. Skipet hans gjekk på grunn ved Otter Point, eit stykke sør for den noverande byen. Her møtte han medlemmer av wabenakifolket, men kva for ein stamme han møtte er ikkje klart.[2] Champlain gav namn til øya på grunn av dei nakne fjella hans: Isle des Monts Desert (‘Øya med dei nakne fjella’).

I 1736 slo dei første europeiske nybyggjarane seg ned på staden, som i 1796 fekk namnet Eden, etter den engelsk politikaren sir Richard Eden. Skogane og nærleiken til havet tydde at dei viktigaste næringane utvikla innanfor skogbruk og fiskeri, og dessutan skipsbygging og andre aktivitetar knytte til havet. I 1840-åra tiltrekte natursceneriet i området kunstmålarar som Thomas Cole, Frederic Church, William Hart og Fitz Henry Lane. Bileta dei måla frå staden inspirerte andre kunstnarar, journalistar, sportsfolk og rikfolk som ønskte seg landleg idyll til å koma til området. I 1855 blei det fyrste hotellet i byen skipa, og i 1868 blei den fyrste sommarresidensen bygd av rikmannen Alpheus Hardy.

I 1880 var det 30 hotell i byen, og turistar kom dit med ferje og tog. I denne perioden var området den største konkurrenten til Newport i Rhode Island som den føretrekte feriestaden til rikfolk. Disse folka prøvde jamnleg å overgå kvarandre ved å invitera berømte arkitektar til å utforma sommarresidensane sine og dei tilhøyrande parkane. Blant dei kjende landskapsarkitektane som har sett preg på Bar Harbor er Beatrix Farrand. Lystfart, hageselskap, klubbar, hestevognskøyring opp det lokale fjellet, Cadillac Mountain, og hesteveddeløp på ei nylaga veddeløpsbane, var blant dei føretrekte fritidsaktivitetane. Frå Shorepath, ein sti mellom kysten og nokre av residensane, kunne dei lokale følgja med på aktivitetane til dei velhavande tilflyttarane.

Blant dei som vitja Eden var president William Taft, som kom hit i 1910 for å spela golf i ein av dei lokale golfklubbane. Nokre av dei som bygde sommarbustader i området var kjende familiar som Rockefeller (den seinare guvernøren av New York og visepresident under Gerald Ford, Nelson Rockefeller, blei fødd i byen i 1908), Morgan, Vanderbilt, Astor, Ford, Carnegie og mange fleire. Husa blei bygd på nær ei rekkje, og lokale folk kalla området «Millionaire Row».

I 1910 bytta byen namn til det noverande, Bar Harbor, etter Bar Island, øya som ligg like utanfor han, og gjev ly til hamna i byen.

I 1947 var det alvorleg tørke i det meste av Maine, òg på Mount Desert Island. Det oppstod ein skogbrann som brann i 10 dagar. Nær halvdelen av austkysten på øya stod i flammar, og då branden blei stoppa, var 67 av bustadane på Millionaire Row brunne ned. Det same var fem hotell og 170 av husa til lokale innbyggjarar. 40 km² av Acadia nasjonalpark var også brunnen. Forretningsdistriktet i byen slapp unna brannen, og mange av dei historiske bygningane fungerer i dag som overnattingsstader (Bed & Breakfast) og kroer.

Bar Harbor i dag endre

 
Kvalsafaribåtar i byhamna.

Byen blir framleis vitja av turistar, no frå heile verda, og cruiseskip legg til i hamna heile sommaren. Frå hamn i byen seglar der dagleg kvalsafari-turar til bankane utfor kysten av Maine der turistar har høve til å sjå kvalar, særleg knølkvalar.

Byen er vert for ei rekkje lokale festivalar, blant anna ein jazzfestival og ein blomsterfestival.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 https://data.census.gov/cedsci/table?t=Populations%20and%20People&g=0100000US,%241600000&y=2020; vitjingsdato: 1. januar 2022.
  2. Wabenaki-folket består af fem stammer: Abenaki, Penobscot, Mi'kmaq, Maliseet og Passamaquoddy. Mest sandsynligt er det, at de indianere, Champlain mødte, var af Penobscot stammen, men sikkert er det ikke.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Bar Harbor i Maine