Barokkarkitekturen var sterkt påverka av arkitekturen frå antikken. Viktige kjenneteikn for barokken var at det skulle vera dramatisk, rørslefullt, tungt, flott og med mange kontrastar. Byggverk skulle vera overveldande og teatralske.

Fasaden til kyrkja Il Gesù (1571-1575) i Roma. Dei fleste arkitekturhistorikkarar reknar henne som fødestaden til barokken.
Kyrkja Madonna dei Monti i Roma — ein av dei fyrste barokkfasadane (1580)

I denne epoken ville ein typisk laga store, imponerande byggverk for å visa makta si og oppnå respekt. Husfasadar var ofte bølgjande for å forsterka kontrasten mellom lys og skugge, og nesten alltid hadde ein pilarar og søyler i fasaden og interiøra. Svulstige, buktande ovalar symboliserer òg barokken.

Barokkarkitektar (utval) endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Barokkarkitektur