Bartosz Piasecki (fødd 9. desember 1986 i Tczew) er ein norsk fektar. Piasecki fektar for Bygdø Fekteklubb. Trenaren hans er faren Mariusz Piasecki som tidlegare var nasjonal fektar for Polen.

Bartosz Piasecki


Statsborgarskap Noreg, Polen
Fødd 9. desember 1986 (37 år)
Tczew
Idrett Fekting
Tok del i

Fekting under Sommer-OL 2012 – Kårde menn

Utmerkingar

Fearnleys olympiske ærespris

I 2009 tok Bartosz Piasecki bronse under U23-EM i fekting i Debrecen. I juni 2012 kom han på 16. plass under EM i fekting i Italia.[1] Piasecki deltok i OL for fyrste gong under sommar-OL 2012 i London.[2] Den 1. august 2012 greidde han som fyrste nordmann nokonsinne å ta olympisk sølv i fekting. Gullmedaljen gjekk til Ruben Limardo Gascon frå Venezuela.[3] Gullet vart den fyrste medaljen i London-OL for Venezuela.

Kjelder endre

Fotnotar