Bastian Adolf Width (8. april 18762. februar 1949) var ein norsk kjøpmann og politikar frå VeidholmenNordmøre som representerte Møre fylke og partiet Frisinna VenstreStortinget i perioden 1925-27.

Bastian Width
Statsborgarskap Noreg
Fødd 8. april 1876
Død

2. februar 1949 (72 år)

Width var son til ein handelsmann og gardbrukar. Han var elev 1891/92 ved Nordmøre amtsskule og 1895-98 ved Gardens underoffisersskole. I 1900 reiste han heim til Veidholmen i Edøy herad, og gifta seg med dottera til ein handelsmann på staden. Sidan var han handelsbetjent i forretninga til svigerfaren. Jamsides pleia han den militære karrieren og vart sersjant i 1901, furer i 1917, kommandersersjant i 1924, fanejunker og kvartermeister ved Nordmøre bataljon av IR 12 i 1927 og løytnant 1930-31. Åra 1920-26 dreiv han hermetikkfabrikk, og frå 1921 handel med eiga forretning i lag med ein svoger. I tida 1921-46 var han postopnar på Veidholmen.

Width var ordførar i Edøy 1910-13 og i nydanna Hopen herad 1915-19, 1922-28 og 1945-46. Han var også forlikskommissær 1915-25, gjeldsmeklingsmann 1932-34 og formann i Hopen sokneråd frå 1937. Stortingsperioden 1925-27 sat han på Stortinget for partiet Frisinna Venstre. På Tinget var han medlem i Næringskomite nr 2, og var i 1926-27 med i riksretten som frikjende Berge-regjeringa.

Kjelder endre