Bent Larsen (fødd 4. mars 1935 i Thisted, død 9. september 2010 i Buenos Aires) var ein dansk sjakkspelar og stormeister i sjakk. Han budde frå 1982 i Argentina.

Bent Larsen

Statsborgarskap Kongeriket Danmark
Fødd 4. mars 1935
Tilsted Parish
Død

9. september 2010 (75 år)
Buenos Aires

Yrke sjakkspelar, skribent
Språk dansk
Bent Larsen på Commons

Allereie i 1951 vart Bent Larsen nr 4 i den aller første verdsmeisterskapen i sjakk for juniorar i Birmingham. Han vart Internasjonal Meister i sjakk 19 år gamal i 1954, på grunnlag av bronsemedaljen på første bord for Danmark sitt lag under sjakk-OL i Amsterdam. Same året, 1954, vann han danmarksmeisterskapen for første gong, noko han gjentok i 1955, 1956, 1959, 1963 og 1964. I 1955 vann han den nordiske meisterskapen i sjakk, noko han gjentok i 1973.

I 1956 vart Bent Larsen Danmark sin første stormeister. Det vart han etter gullmedalje for beste resultat på første bord i sjakkolympiaden (lag-VM i sjakk) i Moskva i 1956, der Bent Larsen mellom anna imponerte ved å spele remis mot verdsmeisteren Mikhail Botvinnik.

Bent Larsen blir rekna for den sterkaste danske sjakkspelaren gjennom tidene, og den som har dei klart beste prestasjonane i internasjonal sjakk. På sitt beste, i åra 1969-1972 var han rangert som nr 3 i verda.

Bent Larsen vann Intersoneturneringa tre gongar, 1964 i Amsterdam, 1967 i Sousse i Tunisia og 1976 i Biel i Sveits.

Tre gongar vann han også kvartfinale i kandidatturneringa, for så å tape i semifinalen. I 1965 tapte han i semifinalen mot tidlegare verdsmeister Mikhail Tal. I 1968 tapte han semifinalen mot Boris Spasskij, som deretter vann kandidatfinala seinare i 1968 og verdsmeisterskapen i 1969. Og i 1971 tapte han semifinalen 6-0 mot Bobby Fischer, som deretter også vann kandidatfinala i 1971 og verdsmeisterskapen i 1972.

For resultata i sjakkturneringane i 1967 - i tillegg til Intersoneturneringa vann han også turneringar i Havanna og Palma de Mallorca - vart han tildelt Sjakk-Oscar for 1967 som beste spelar dette året.

I 1970 spelte Bent Larsen første bord for «Resten av verda» i kampen mot Sovjetunionen - framom Bobby Fischer som dermed spelte på 2. bord. Bent Larsen klarte 1,5-1,5 i denne kampen mot den dåverande verdsmeisteren Boris Spasskij, og vann dessutan i fjerde runde mot stormeister Leonid Stein.

Larsen var kjend for nokså ofte å bruke uvanlege sjakkopningar. Han spelte for eksempel Birds opning (1. f4), og opningstrekket 1. b3 blir ofte kalla Nimzo-Larsen-angrepet til ære for han og Aaron Nimzowitsch.

Bent Larsen gav ut mange sjakkbøker, og var ein flittig sjakkjournalist.

Bakgrunnsstoff endre