Birago Diop

senegalesisk diplomat

Birago Diop (12. desember 190625. november 1989) var ein senegalesisk poet og historieforteljar. Arbeidet hans vekka opp att allmenn interesse for afrikanske folkeeventyr, og gjorde han til ein av dei leiande fransktalande forfattarane frå Afrika.[1][2] Diop var ein kjend dyrlege, diplomat og ei leiande røyst i den litterære négritude-rørsla.

Birago Diop

Statsborgarskap Senegal
Fødd 12. desember 1906
Dakar
Død

25. november 1989 (82 år)
Dakar

Yrke diplomat, skribent, veterinær, eventyrsamlar, lyrikar
Birago Diop på Commons

Bakgrunn endre

Birago Diop var fødd 11. desember 1906 i Ouakam, eit distrikt i Dakar i Senegal, som son av Ismael og Sokhna Diop.[3] Mor hans oppdrog han åleine i lag med to eldre brør, Massyla og Youssoupha; far hans forsvann to månader før Diop blei fødd. I barndommen fekk Diop høyra mange folkesoger som han seinare kom til å bruka i det litterære verket sitt.[1]

I 1920 fekk Diop eit stipend til å gå på den fransktalande skula Lycée Faidherbe i Saint-Louis, som då var hovudstad i Senegal. I løpet av denne tida blei han fascinert av dikta og skrivestilane til Victor Hugo, Charles Baudelaire, Edgar Allan Poe og fleire andre, og byrja å skriva sine eigne.[1] På slutten av 1920-talet var han sjukepleiar ved eit militærhospital. Seinare studerte han veterinærmedisin ved Universitetet i Toulouse i Frankrike, og gjekk ut i 1933.[4]

Karriere endre

Sjølv om han var mest kjent for dikta og folkeeventyra sine, arbeidde Diop òg som veterinærkirurg for dei franske kolonistyresmaktene i fleire vestafrikanske land. 1937-39 var han i Fransk Sudan (no Mali), 1940 i Elfenbeinskysten og Fransk Øvre Volta (no Burkina Faso) og 1950 i Mauritania.[5] Gjennom karrieren sin i offentleg teneste samla han og omarbeidde volofsoger, og skreiv òg dikt, memoar og eit skodespel. Han var òg den fyrste senegalesiske ambassadøren i Tunisia frå 1960 til 1965.

Tidleg litterært arbeid endre

I tida då han var i Frankrike som veterinærstudent møtte Diop mange afrikanske, afroamerikanske og karibiske studentar, blant anna Léopold Sédar Senghor, som seinare blei den fyrste presidenten i Senegal etter at landet oppnådde sjølvstende.[2] Inspirert av desse unge svarte intellektuelle, kunstnarane og diktarane skreiv Diop dei fyrste dikta sine i L'étudiant noir (‘den svarte studenten’) - eit studentblad som grunnla ideen om Négritude-rørsla, som protesterte mot teorien ogm assimilasjon til fordel for afrikanske kulturelle verdiar.[6]

Inspirasjon endre

Under arbeidet sitt som leiar for den offentlege kveginspeksjonen i fleire regionar i Senegal og Mali, blei Diop introdusert for tradisjonelle folkesoger, og la dei i minnet. Dette var den største inspirasjonen til mange av dei litterære verka hans. Dei fleste av dikta og forteljingane hans har røter i munnlege afrikanske tradisjonar. Soger blei vanlegvis fortale om kveldane av ein profesjonell forteljar, ein griot, og seinare gjentekne ulike stader av folk som høyrde dei. Forteljingsseremonien bestod vanlegvis av songar og dansar i tillegg til sogene. Sjølv om forteljingane var meint til underhaldning, hadde dei òg eit større mål om å læra yngre generasjonar om livssynet og verdiene til forfedrane sine.[7] Ved å kombinere kjennskapen sin til det franske språket og erfaringa si med afrikanske folkesoger kunne Diop spreia desse tradisjonane over heile verda.

Under og etter andre verdskrigen endre

I byrjinga av 1940-talet, under andre verdskrigen, var Diop nøydd til å vende tilbake til Frankrike i to år.[2] Han fekk heimlengt, og byrja skriva ned sine versjonar av folkesoger etter råd frå andre Negritude-forfattarar.

Då Diop endeleg kom tilbake til Afrika blei han direktør for zoologiske tekniske tenester i Elfenbeinskysten og Øvre Volta (i dag Burkina Faso). Det første litteratære verket hans, Les Contes d'Amadou Koumba, blei gjeve ut i 1947. For dette, som totalt omfattar tre bind, fekk han Grand prix littéraire d'Afrique noire.[8] Kvar bok inneheldt ei samling av soger som krinsa om dyr, og som han hadde frå grioten Amadou Koumba. Dei hadde ei blanding av humor, fantasi og realisme der menneske, dyr og overnaturlege vesen samhandla.[2]

«Den brekte pennen» endre

Så snart Senegal fekk sjølvstande, blei Diop nominert som den fyrste senegalesiske ambassadøren i Tunisia. Då han byrja i stillinga, hevda han at han hadde «brekt pennen sin», og at han var klar til å gje opp skrivinga og fokusere på det diplomatiske virket. Det var ikkje før midten av 1970-talet, mot slutten av livet sitt, at «pennen blei vøla». Han gav ut La plume raboutée i 1978, følgd av À rebrousse-temps (1982), À rebrouse-gens (1982), og Senegal du temps de... (1986).[8]

Død endre

Birago Diop døydde 25. november 1989 i Dakar på 83 år.[6] Han etterlet seg kona Marie-Louise Pradére, og to born, Renée og Andrée.

Verkliste endre

  • Forteljingar
    • Les contes d'Amadou Koumba, 1947 (eng. oms. Tales of Amadou Koumba, 1966)[3]
    • Les nouveaux contes d'Amadou Koumba, 1958 (New Tales of Amadou Koumba)[3]
    • Contes et Lavanes, 1963 (Tales and Commentaries)
    • Contes Choisis (1967)
    • Contes d'Awa (1977)
  • Lyrikk
    • Leurres et Lueurs, 1960 (Lures and Glimmers)
  • Drama
    • L'os de Mor Lam (1977)
  • Memoar
    • La Plume raboutée (1978)
    • A rebrousse-temps (1982)
    • A rebrousse-gens (1985)
    • Du temps de... (1986)
    • Et les yeux pour me dire (1989)


Prisar og utmerkingar endre

  • Grand Prix Littéraire de l'Afrique-Occidentale Francaise for Les Contes d'Amadou Koumba
  • Association des Ecrivains d'Expression Francaise de la Mer et de l'Outre Mer, Grand Prix Littéraire de l'Afrique Noire for Contes et lavanes
  • Officier de la Légion d'Honneur
  • Chevalier de l'Étoile Noire
  • Chevalier du Mérite Agricole

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 Liukkonen, Petri. «Birago Diop». Books and Writers (kirjasto.sci.fi). Finland: Kuusankoski Public Library. Arkivert frå originalen 4 March 2014. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 "Biography of Birago Diop" Arkivert 2013-07-19 ved Wayback Machine., African Success.
  3. 3,0 3,1 3,2 Dragan Nedeljković; Zoran Petković, red. (1979). Afrika-lice iza maske: antologija savremene pripovetke crne Afrike. Sarajevo: Matica srpska-Novi Sad, & Misla-Skopje, & Mladost-Zagreb, & Pobjeda-Titograd, & Prosveta-Belgrade, & Svjetlost-Sarajevo. 
  4. «Birago Diop | Senegalese author». Henta 5 October 2016. 
  5. Utilisateur, Super. «SA VIE». www.biragodiop.com. Henta 5 October 2016. 
  6. 6,0 6,1 "Birago Diop, 83, Poet, Novelist and Diplomat", The New York Times, 29 November 1989.
  7. "Introduction à Birago Diop".
  8. 8,0 8,1 "Biographie de Birago Diop", Soninkara.org, 21. september 2011.