Blonde er ei samlenemning for gjennombrotne tekstilvarer som ofte er bandforma. Dei kan vera knytte, vovne, broderte, hekla eller strikka, anten for hand eller med maskin. Blonder blir ofte nytta som bordar til å pynta andre tekstilar, men kan også vera hovudtekstil.

Blonder brukt som hovudplagg i den bretonske folkedrakta.

Ordet «blonde» er den franske hokjønnsforma av fargen blond. På fransk viser det til ein særskild type knipling laga av gulfarga råsilke eller av sølv- og gulltråd.

Historie endre

 
Knipling med kniplepinnar på ein bakgrunn.

Ein kan laga blondeaktige kantar av dei lause trådane som finst som avslutting på ein vevnad, men i streng forstand er blonder eit eige arbeid. Som ein forløpar for kniplingsaum finn ein reticella-teknikken frå seinmellomalderen, som opphavleg var ein utskårsaum.[1]

Den eldste forma for frittståande blonder er kniplingsaum, som blir laga med nål og tråd. På ein bakgrunn av tjukt papir blir det sydd eit nettverk av rette sting og broderisting. Denne blondeforma oppstod seint på 1400-talet, kanskje i Flandern men mest truleg i Italia.[2]

Ein annan teknikk der ein bruker mange trådar på kniplepinnar, kjend som knipling, blei utvikla på 1500-talet.[a] Teknikken kan ha oppstått i Venezia[3] eller i Flandern.[4]

 
Blondemaskin i Tyskland i 1989.

Dei opphavlege kniplingsmetodane er tidkrevjande og vanskelege å meistra. I folkekunsten blei det utvikla ei rekkje andre teknikkar for å laga blonder, til dømes nupereller, laga med ein tråd og ein skyttel, makramé der ein knyter blonder med tjukkare tråd, utskårsaum, der ein klipper hol i stoff og dekorerer dei med broderi, eller luftig hekling eller strikking.

Den industrielle revolusjonen førte med seg utviklinga av ulike maskinar som kunne produsera blonder, også kjende som uekte kniplingar. Kniplingshandverk døydde i stor grad ut i dei første tiåra av 1900-talet.[4]

Bruk endre

 
Portrett av George Villiers, hertugen av Buckingham, med stiv blondekrage. Måleri frå 1625-26 av Michiel J. van Miereveld.

Blonder blei opphavleg brukt som dekorasjonar på fint undertøy, men fekk stadig større bruksområde. Ved byrjinga av 1600-talet var det ein viktig del av klesdrakta til både kvinner og menn, til dømes som kragar og bordar. Det forsvann stort sett frå klesdrakta til menn bortsett frå i katolske geistlege klede, men var ein viktig del av barne- og kvinnemote sist på 1800-talet, til kanting, sjal og slør. Maskinproduksjon av blonder og bruk av bomull og seinare kunststoff i staden for dyrare lin og silke gjorde blonder mykje meir tilgjengelege,[4] og ein kunne til dømes lett skaffa store blondegardin.

I dag er blonder mykje brukte til undertøy og til å kanta skjørt og kjolar. Dei er også ein del av ulike folkedrakter, som i Bretagne, der ein mellom anna kan bruka blonder til ei stiv hette, eller på Grønland, der blonder kan kanta kamikkar (støvlar).

Produksjonstader endre

 
Venetian Lacemakers måla av Robert Frederick Blum i 1887.

Dei tradisjonelle produksjonsstadene for blonder er Italia, Belgia, Frankrike, England og Irland. Ein har også laga blonder andre stader, som i Danmark, Russland, Spania, Tyrkia og Levanten, og i søramerikanse land som Brasil og Paraguay. The introduction of lace making into East Asia, especially China, took place late in the century. Seint på 1800-talet byrja ein også å laga blonder i Kina.[4]

Ulike stader blei kjende for sine blondetypar. Blonder frå Venezia kjende som point de Venise, er eit høgdepunkt for blonder frå barokken. Genova, Malta og Milano blei også kjende for sine blonder.[1]

På initiativ frå Colbert, finansminsiteren til Ludvig XIV av Frankrike, fekk Frankrike strengt kontrollerte tilverkingsstader for blonder. Produkt herfrå blei kalla point de France. Alençon, Argentan og Chantilly var hovudsentrum for dette handverket, som i stor gtad forsvann med den franske revolusjonen. På 1700-talet var i staden Belgia eit viktig produksjonsland for kniplingar.[1]

I dei nordiske landa har danske blonder frå Tønder, finske frå Raumo og svenske frå Vadstena vore særskild kjende. Hjå alle desse dreiv ein hovudsakleg med knipling. Vadstenakniplingane blei spreidde gjennom Sverige og etterlikna i mellom anna Gagnef, Floda, Mockfjärd og Ore i Dalarna og i Ovanåker i Hälsingland. Blekingesblondene skil seg ut ved sine innfletta raude og blå trådar. Ein finn også farga trådar i delsboblonder. Ein finn også ein rik blondetradisjon i Skåne.[1]

På stader som tidlegare hadde ein stor kniplingproduksjon kan framleis driva med handverket, men ofte meir til suvenirar enn til kommersiell bruk. Dette gjeld til dømes stader som Brugge i Belgia og Burano ved Venezia.[4]

Merknadar endre

  1. Først nemnd i 1536, ifølgje ei mønsterbok frå Zürich frå 1561.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Bra Böckers lexikon, 1979. Oppgjeven av Svensk Wikipedia.
  2. «needle lace», Encyclopædia Britannica, Encyclopædia Britannica, inc., 24. september 2010, henta 14. oktober 2017 
  3. «bobbin lace», Encyclopædia Britannica, Encyclopædia Britannica, inc., 2. august 2013, henta 14. oktober 2017 
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 «lace», Encyclopædia Britannica, Encyclopædia Britannica, inc., 24. januar 2017, henta 14. oktober 2017 

Bakgrunnsstoff endre