Bobby Moore

britisk fotballspelar

Robert Frederick Chelsea Moore, kjend som Bobby Moore (12. april 194124. februar 1993), var ein engelsk fotballspelar, verdsmeister med England under VM på heimebane i 1966.

Bobby Moore
Fødd 12. april 1941
Fødestad Barking
Død 24. februar 1993
Dødsstad London

Moore, som var fødd i Barking, debuterte for West Ham United i september 1958. Fram til våren 1974 spelte han 544 ligakampar for London-klubben. Med West Ham vann han FA-cupen i 1964 og Cupvinnarcupen året etter. I mars 1974 vart Moore overført til byrivalen Fulham FC mot 25 000. Våren 1975 spelte Fulham seg fram til finalen i FA-cupen, der klubben møtte nettopp West Ham. Kampen enda med tap 0-2 for Moores nye klubb. Han gav seg i Fulham våren 1977 etter 124 ligakampar, alle i 2. divisjon.

Moore spelte 108 landskampar for England i tida 1962 til 1973, i heile 90 av kampane var han kaptein. Han var med i verdsmeisterskapane 1962, 1966 og 1970. I 1966 fekk han æra av å leie England til VM-siger på Wembley med 4-2 over Vest-Tyskland etter ekstraomgangar. Han skåra to landslagsmål.

Moore døydde i London av kreft, 49 år gammal.

Kjelder endre