Bourgogne
Bourgogne sitt våpenskjold
Fakta
Hovudstad Dijon
Regionspresident François Patriat
Flatevidd 31 582 km²
Folketal 1 624 000 (2006)
Rangering
Folketettleik 51 innb./km²
Arrondissement 15
Kantonar 174
Kommunar 2 045
Geografi
Plassering av Bourgogne i Frankrike

Departement
Côte-d'Or   Nièvre   Saône-et-Loire
Yonne

Bourgogne (norsk Burgund, engelsk Burgundy) er ein tidlegare region i Frankrike. Regionen omfatta departementa Côte-d'Or, Nièvre, Saône-et-Loire og Yonne. Større byar i Burgund er Auxerre, Dijon, Macon og Nevers. I regionen vart det produsert vin av typen bourgognevin, korn og kjøt.

Historie endre

Burgundarane skal i høve uvisse kjelder ha utvandra frå Bornholm, og på 200-talet var dei ved elva Main[treng kjelde]. I folkevandringstida gjekk dei over Rhinen og fekk løyve av romarane til å slå seg ned i området mellom Genfersjøen og Middelhavet. Riket vart erobra av frankarane500-talet og vart etter kvart delt i to delar, Cisjuranske Burgund og Transjuranske Burgund. I 933 vart desse slegne saman til kongeriket Burgund med hovudstad i Arles.

Etter at Rudolf III døydde gjekk riket over til det tysk-romerske riket, som seinare tapte det. Burgund vart delt opp i ulike grevskap og bispedøme. På 1300- og 1400-talet vart Burgund igjen samla til eit stort rike som i tillegg til hertugdømet Burgund mellom anna omfatta Lorraine, Luxembourg, Brabant og Holland. Hoffet i Dijon var kjent over hele Europa for kulturen og kunsten sin. Hertug Karl den dristige (fransk: Charles le Téméraire) prøvde å skapa eit samanhengande rike, noko som utfordra den franske kongen Ludvig XI. Etter fleire sigrar vart han drepen i eit slag ved Nancy i 1477, og kongen av Frankrike overtok hertugdømet. Karl den dristige si dotter, Maria, gifta seg med ein erkehertug frå Austerrike, seinare Maximilian I. Han fekk lagd inn under seg den burgundiske arven etter at ho døydde. Sonesonen Karl V tok attende hertugdømet i 1526, men måtte gje det opp att tre år seinare. Karl V heldt trass i dette fram med å bruka tittelen Hertugen av Burgund.

I mellomalderen fanst det fleire mektige kloster i regionen, til dømes Cluny, Citeaux og Vézelay.

Byar endre

Bakgrunnsstoff endre

  Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.