Brennevinsfjorden

Brennevinsfjorden er ein fjord på nordvestkysten av øya NordaustlandetSvalbard og er 22 km lang. Brennevinsfjorden er truleg den same fjorden som er teikna inn på Hendrick Doncker sitt kart frå 1663 som Brandewyns Bay.[1] Ein engelsk ekspedisjon oppførte hytta «Oxfordhuset» på Depotodden i Brennevinsfjorden i 1936. Hytta vert i dag eigd av den norske staten og er i god stand.

Brennevinsfjorden
fjord
Land  Noreg
Kart
Brennevinsfjorden
80°10′00″N 19°30′00″E / 80.16666667°N 19.5°E / 80.16666667; 19.5
Brennevinsfjorden er fjorden på vestkysten av Laponiahalvøya.

Dei yngste bergartane på Nordaustlandet er gangar av doleritt frå jura-krit i grunnfjellet på mellom anna Lågøya og i munningen av Brennevinsfjorden.[2]

Det var i Brennevinsfjorden at Roald Amundsen sin flyekspedisjon til Nordpolen naudlanda på tilbakevegen til Ny-Ålesund med flyet N-25. Staden fekk namnet Amundsenodden og området vart fekk namnet Dornier-Walflya. Amundsen og dei fem andre ekspedisjonsmedlemmane vart redda av selfangsskuta «Sjøliv» frå Balsfjord.[3].

Kjelder endre

  1. «Nordaustlandets historie og kulturminner». Kristin Prestvold, Norsk Polarinstiutt. Februar 2007. Henta 29. mars 2008. 
  2. «Nordaustlandets geologi og landskap». Norsk Polarinstiutt. Februar 2007. Henta 29. mars 2008. 
  3. Thor B. Arlov (2003). Svalbards historie (2. reviderte utgåve utg.). Trondheim: Tapir Akademisk Forlag. s. 429. ISBN 82-519-1851-0. 

80°10′N 19°30′E / 80.167°N 19.500°E / 80.167; 19.500