Brian McGee (fødd 8. mars 1959) er ein skotsk trommeslagar som spelte i forskjellige band som Simple Minds og Endgames.[1] Broren hans Owen, har under sitt eige namn, Owen Paul, hatt ein hitsingel med ein versjon av Marshall Crenshaw-songen You're My Favorite Waste of Time.[2]

Brian McGee
Fødd8. mars 1959 (65 år)
FødestadGlasgow
OpphavGorbals i Glasgow i Skottland
SjangerPunkrock, post-punk, new wave, poprock, alternativ rock
InstrumentTrommer, perkusjon, vokal
Tilknytte artistarJohnny and the Self Abusers, Simple Minds, Endgames, Propaganda, Ex-Simple Minds
PlateselskapZoom, Virgin
Verka somMusikar

McGee møtte den framtidige Simple Minds-frontmannen Jim Kerr då dei begge gjekk på ungdomsskulen i lag, og vart med han og andre vener (gitaristen Charlie Burchill og bassisten Tony Donald) frå den same skulen i bandet Biba-Rom! kring midten av 1970-åra, medan dei framleis var på skulen.[3][4] I 1977 skipa dei punkbandet Johnny and the Self Abusers, som endra namn til Simple Minds.[5] Han var med på albuma Life in a Day, Real to Real Cacophony, Empires and Dance og Sons and Fascination. I september 1981[6] slutta han i Simple Minds etter å ha blitt trøytt av all turneringa og livet i bandet.[6]

Han vart sidan med i gruppa Endgames. Etter to album vart bandet oppløyst i 1985. På den tida gjekk han saman med den tidlegare kollegaen i Simple Minds, Derek Forbes, i gruppa Propaganda, der han var fram til 1995.[7] I 2009 skipa begge desse bandet Ex-Simple Minds eller XSM.

Kjelder endre

  1. «Brian McGee - Artist Profile». eventseeker.com. Henta 6. september 2020. 
  2. «Owen Paul - My Favourite Waste of Time | Simplyeighties.com». www.simplyeighties.com. Henta 6. september 2020. 
  3. «dream giver redux | family tree | biba-rom!». Simpleminds.org. Henta 6. september 2020. 
  4. «dream giver redux | family tree | johnny and the self abusers». Simpleminds.org. Henta 6. september 2020. 
  5. «dream giver redux | family tree | simple minds #1». Simpleminds.org. Henta 6. september 2020. 
  6. 6,0 6,1 «dream giver redux | people | brian mcgee». Simpleminds.org. Henta 6. september 2020. 
  7. «Propaganda Discography at Discogs». Discogs.com. Henta 6. september 2020. 

Bakgrunnsstoff endre