Real to Real Cacophony

Real to Real Cacophony
Studioalbum av Simple Minds
Språk engelsk
Utgjeve November 1979
Innspelt September 1979
Studio Rockfield Studios i Monmouth i Wales
Sjanger
Lengd 40:46
Selskap Zoom, Arista
Produsent John Leckie
Simple Minds-kronologi 
Life in a Day
(1979)
Real to Real Cacophony Empires and Dance
(1980)


Singlar frå Real to Real Cacophony
  1. «Changeling»
    Utgjeve: November 1980

Real to Real Cacophony (stundom feilaktig kalla Reel to Real Cacophony) er det andre studioalbumet til det skotske rockebandet Simple Minds. Det kom ut i november 1979 på selskapa Zoom og Arista.

Innspeling endre

Real to Real Cacophony vart spelt inn og miksa i løpet av fem veker i Rockfield Studios. I følgje produsenten John Leckie hadde bandet berre fire songar («Premonition», «Factory», «Calling Your Name» og «Changeling») før innspelinga og resten av albumet vart skriven medan dei var i studio.[3]

Utgjeving endre

Real to Real Cacophony gjekk ikkje inn på albumlista, og det gjorde ikkje den einaste singelen frå albumet heller, «Changeling».

Nyutgjevinga på Virgin Records i 2002/2003 kalla feilaktig albumet Reel to Real Cacophony, og opningssporet «Reel to Real». Den feilaktige stavinga stod òg trykt i diskografien på innsida av dei ommastra utgåvene av Simple Minds-platene som kom desse åra. Seinare utgåver har kome ut med korrekt tittel på album og tittelspor.

Mottaking endre

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic     [1]
CMJ New Music Monthlypositiv[4]
Smash Hits8/10[5]
Soundspositiv[6]
Trouser Pressmiddels[7]

Real to Real Cacophony har generelt fått god kritikk i musikkpressa. Sounds-skribenten John Gill skreiv: «Real To Real Cacophony syner stor - og modig - progresjon. Det fangar nokre av sjokkeffektane av avantgarde, noko av den kjenslemessige krafta til band som The Pop Group, men held likevel det beste av Minds stramt og treffande. Arkiver under imponerande.»[8]

Seinare roste AllMusic albumet og skildra det som «der Simple Minds våga seg ut over evna til å etterlikne inspirasjonskjeldene sin og byrje å manipulere dei i staden, nådelaust skubbe dei rundt og forme dei til morosame objekt som eit barn former ein klump modelleire til noko». Dei kalla det «ein bragd som er på nivå med andre post-punk-milepålar frå 1979 som Metal Box, 154, Entertainment! og Unknown Pleasures».[1] Bob Stanley skreiv i Record Collector: «Real To Real Cacophony burde hyllast som ein eineståande sterk overgang mellom post-punk og synth-pop, men skuggen av 'Belfast Child' tårnar over rykte deira.»[9]

Innhald endre

All tekst er skriven av Jim Kerr; all musikk er komponert av Simple Minds (Kerr, Charlie Burchill, Derek Forbes, Brian McGee, Mick MacNeil).

Side A
Nr.TittelLengd
1.«Real to Real»2:47
2.«Naked Eye»2:21
3.«Citizen (Dance of Youth)»2:53
4.«Carnival (Shelter in a Suitcase)»2:49
5.«Factory»4:13
6.«Cacophony»1:40
7.«Veldt»3:20
Side B
Nr.TittelLengd
1.«Premonition»5:29
2.«Changeling»4:11
3.«Film Theme»2:27
4.«Calling Your Name»5:05
5.«Scar»3:31

Medverkande endre

Simple Minds

Technical

  • John Leckie – arrangement, innspeling, miksing
  • Graphyk – grafikk
  • Sheila Rock – fotografi
  • Trevor Rodgers – fotografi
  • Paul Henry – innpakning
  • Mariella Sometimes – lydbandoperatør

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 Kellman, Andy. «Real to Real Cacophony – Simple Minds : Songs, Reviews, Credits, Awards : AllMusic». AllMusic. Henta 6. september 2020. 
  2. Huey, Steve. «Simple Minds». AllMusic. Henta 6. desember 2015. 
  3. Real to Real Cacophony simpleminds.com
  4. «Simple Minds 'Real to Real Cacophony' Articles & Reviews». simpleminds.org.uk. Henta 6. september 2020. 
  5. Starr, Red (13–26. desember 1979). «Albums». Smash Hits: 29. 
  6. Gill, John (1. desember 1979). «[Real to Real Cacophony review]». Sounds. Henta 6. september 2020. 
  7. Schlosberg, Karen; Robbins, Ira. «TrouserPress.com :: Simple Minds». TrouserPress.com. Arkivert frå originalen 30. november 2012. Henta 12. mai 2016. 
  8. Sounds December 1st 1979 Dream Giver Redux
  9. Stanley, Bob (2019). «Bob Stanley - Record Collector». Record Collector. Henta 6. september 2020. 

Bakgrunnsstoff endre