Buffalo Springfield av Buffalo Springfield

Buffalo Springfield
Studioalbum av Buffalo Springfield
Språk engelsk
Utgjeve 5. desember 1966
6. mars 1967
Innspelt 18. juli – 11. september 1966
Studio
Sjanger
Lengd 32:54
Selskap Atco
Produsent
  • Charles Greene
  • Brian Stone
Buffalo Springfield-kronologi 
Buffalo Springfield Buffalo Springfield Again
(1967)


Buffalo Springfield er debutalbumet til folkrockgruppa Buffalo Springfield, gjeve ut i desember 1966 på Atco Records. Det nådde 80. plassen på Billboard Top Pop Albums-lista. Det er det første albumet med songar av dei framtidige stjernene Stephen Stills og Neil Young.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4/5 stars[3]

Bakgrunn og innhald endre

Buffalo Springfield vart skipa tidleg i 1966 og heldt den første konserten sin på The Troubadour i Hollywood i april det året. Den første singelen deira, som var med på dette albumet, Young sin «Nowadays Clancy Can't Even Sing» sungen av Richie Furay, gjekk ikkje inn på den nasjonale hitlista, men nådde topp 40 på ei lokal liste for Los Angeles i august. Albumet vart spelt inn sommaren 1966 i Gold Star Studios der Phil Spector skapte sin «Wall of Sound» og Brian Wilson skapte innspelingane til The Beach Boys, inkludert Pet Sounds same året. Young syng berre solo på to av dei fem songane han skreiv for albumet, medan Furay syng på dei andre tre.

Albumet vart produsert av dei to managerane til gruppa, Charles Greene og Brian Stone, som begge hadde minimal erfaring som plateprodusentar. Gruppa var visstnok misnøgd med lyden på albumet og kjende at han ikkje reflekterte intensiteten på konsertane deira.[4] Bandet bad Atco om tid til å få spele inn albumet på nytt, men dei ønskte ikkje å gå glipp av julemarknaden og insisterte på at albumet skulle ut slik det var. Men dei gav Stills og Young løyve til å personleg mikse monoversjonen av albumet sjølve, og medlemmar av bandet har lenge insistert på at denne utgåva er betre enn stereoutgåva.

Buffalo Springfield vart opphavleg gjeven ut i både mono og stereo som Atco SD 33-20. Innsida av omslaget inneheld biografiar om kvart medlem i same stil som dei i Tiger Beat. Den nye singelen til bandet, Stills sin «For What It's Worth», vart spelt inn same dagen som albumet kom ut. Singelen kom ut kort tid etter og vart ein nasjonal hit som gjekk inn på topp 10 på Billboard Hot 100-lista i mars 1967.[5] «For What It's Worth» kom ut som opningssporet på den andre trykkinga av albumet, som Atco SD 33-200A, og «Baby Don't Scold Me» vart droppa, medan rekkjefølgja vart noko endra på resten. «Baby Don't Scold Me» er aldri gjeve ut i stereo. Alle CD-utgåvene av albumet inneheld berre monomiksen.

Albumet vart ommastra i HDCD og gjeve ut 24. juni 1997 med to versjonar på ei plate, monoutgåva frå den første Atco 33-200 og stereoutgåva frå SD 33-200A. Stereomiksen av «Baby Don't Scold Me» frå Atco SD 33-200 eller monomiksen av «For What It's Worth» frå Atco 33-200A var ikkje med. «Burned» har heller aldri blitt gjeve ut i stereoutgåva, og monoutgåva er feilaktig med to gonger på denne plata.

Innhald endre

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)VokalLengd
1.«Go and Say Goodbye» (18. juli)Stephen StillsFuray og Stills2:20
2.«Sit Down, I Think I Love You» (August)Stephen StillsFuray og Stills2:32
3.«Leave» (August)Stephen StillsStills med Furay2:42
4.«Nowadays Clancy Can't Even Sing» (18. juli)Neil YoungFuray med Steve og Young3:25
5.«Hot Dusty Roads» (August)Stephen StillsStills med Furay2:50
6.«Everybody's Wrong» (August)Stephen StillsFuray med Steve og Young2:23
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)VokalLengd
1.«Flying on the Ground Is Wrong» (10. september)Neil YoungFuray med Stills og Young2:40
2.«Burned» (August)Neil YoungYoung med Furay og Steve2:16
3.«Do I Have to Come Right Out and Say It» (August)Neil YoungFuray med Stills og Young3:01
4.«Baby Don't Scold Me» (August)Stephen StillsFuray og Stills3:04
5.«Out of My Mind» (August)Neil YoungYoung med Furay og Stills3:05
6.«Pay the Price» (August)Stephen StillsStills med Furay2:36
Utgåva frå mars 1967 side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)VokalLengd
1.«For What It's Worth» (5. desember)Stephen StillsStills med Furay og Martin2:40
2.«Go and Say Goodbye» (18. juli)Stephen StillsFuray og Stills2:20
3.«Sit Down, I Think I Love You» (August)Stephen StillsFuray og Stills2:30
4.«Nowadays Clancy Can't Even Sing» (18. juli)Neil YoungFuray med Stills og Young3:24
5.«Hot Dusty Roads» (August)Stephen StillsStills med Furay2:47
6.«Everybody's Wrong» (August)Stephen StillsFuray med Stills og Young2:25
Utgåva frå mars 1967 side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)VokalLengd
1.«Flying on the Ground Is Wrong» (10. september)Neil YoungFuray med Stills og Young2:40
2.«Burned» (August)Neil YoungYoung med Furay og Stills2:15
3.«Do I Have to Come Right Out and Say It» (August)Neil YoungFuray med Stills og Young3:04
4.«Leave» (August)Stephen StillsStills med Furay2:42
5.«Out of My Mind» (August)Neil YoungYoung med Furay og Stills3:06
6.«Pay the Price» (August)Stephen StillsStills med Furay2:36

Medverkande endre

Buffalo Springfield
Teknisk

Salslister endre

Album - Billboard (USA)

År Liste Plassering
1967 Pop Albums 80

Singles - Billboard (USA)

År Singel Liste Plassering
August 1966 «Nowadays Clancy Can't Even Sing» / «Go And Say Goodbye» Pop Singles 110
November 1966 «Burned» / «Everybody's Wrong» - -
Januar 1967 «For What It's Worth (Stop, Hey What's That Sound)» / «Do I Have To Come Right Out And Say It» Pop Singles 7

Kjelder endre

  1. Unterberger, Richie. «Great Moments in Folk Rock: Lists of Author Favorites». www.richieunterberger.com. Henta 26. januar 2011. 
  2. Johnny Rogan (18. september 2007). «Neil Young: 1966-1975». Under Review. Music Video Distribution. 3:50 minutt frå start. 
  3. Buffalo Springfield av Buffalo SpringfieldAllmusic
  4. McDonough, Jimmy. Shakey: Neil Young's Biography. New York: Anchor, 2003, s. 181
  5. Google Books archive Billboard 25. mars 1967 Hot 100 chart henta 30. januar 2019