Cangzhou (forenkla kinesisk: 沧州; tradisjonell kinesisk: 滄州; pinyin: Cāngzhōu) er eit byprefektur i provinsen Hebei i Kina, ved Gulehavet. Prefekturet har eit areal på 13 419 km² og 7 134 053 innbyggjarar i 2010. 514 074 menneske budde i sjølve byen. Cangzhou grensar til provinsen Shandong i sør, og til byprovinsen Tianjin i nord.

Cangzhou (gul) i Hebei
Jarnløva i Cangzhou er frå 953

Byprefekturet Cangzhou omfattar to distrikt (区 ), fire byfylke (市 shì), ni fylke (县 xiàn) og eitt autonomt fylke.

Historie endre

Cangzhou er kjend for ei gamal støypejarnsstatue som framstiller ei løve. Statuen vart laga i år 953, under Song-dynastiet.

Næring endre

Administrasjonsbyen Cangzhou er sterkt industrialisert. Mykje av byprefekturet elles har store jordbruksområde, i Kina kjende for sine kinesiske jujubær og Ya-pærer. Også eit stort oljefelt ligg i prefekturet.

Samferdsle endre

Snøggtoget på Beijing-Shanghai-ruta har stoppestad i Cangzhou. Også den viktige jarnbanelinja Jinghubana har stoppestad her.

Kinas riksveg 104 og Kinas riksveg 105 går begge gjennom Cangzhou. Dei tek til i Beijing, fører sørover og deler seg etter Dezhou. Riksvei 104 held fram til Jinan i Shandong, vidare til Xuzhou, Nanjing, Hangzhou og Wenzhou før han endar i Fuzhou, medan riksveg 105 fører til Jining i Shandong, Shangqiu, Jiujiang, Nanchang og Guangzhou og endar opp i Zhuhai. Også Kinas riksveg 307 passerer gjennom prefekturet. Han tek til i Qikou i Hebei og fører gjennom provinsane Shanxi og Shaanxi til Yinchuan i den autonome regionen Ningxia Hui.

Cangzhou har ei stor fiskerihamn og kolutskipingshamna Huanghua.

Kjelder endre