Cardito
kommune i Italia
Cardito er ein kommune i provinsen Napoli i regionen Campania i Italia. Kommunen har 22 000 ibuarar og dekker ei flatevidd på 3,21 km². Cardito ligg 14 kilometer nord for provinshovudstaden Napoli, og kan reknast som ein forstad eller bydel til storbyen.
Tidlegare var Cardito best kjend for produksjonen av jordbær og asparges. I dag vert det også laga mozzarellaost her.
Byen vart kan hende grunnlagd av folk frå nærliggjande Atella, kring 350-300 f.Kr.
Kjelder endre
- Denne artikkelen bygger på «Cardito» frå Wikipedia på engelsk, den 15. juli 2015.