Carrollitt er eit grått ertsmineral som krystalliserer kubisk, kjemisk eit koparkoboltsulfid med formel CuCo2S4, nærskyldt med linneitt.

Carrollitt

Carrollitt frå Kambove, Katanga. Denne er 4,3 cm brei, med ein 1,2 cm carrollittkrystall delvis dekt av pyritt, mellom kalsittkrystallar.
Generelt
KategoriSulfidmineral
Thiospinellgruppa
Spinell-gruppa
Kjemisk formelCuCo2S4
Strunz-klassifisering02.DA.05
Dana-klassifisering2.10.1.2
Identifikasjon
FargeLys til mørk grå, vert sjeldan fordunkla til koparraud eller fiolettgrå
KrystallformÅttesidige og kubiske krystallar, òg massiv, korna eller kompakt
KrystallsystemIsometrisk, 4/m 3 2/m heksoktahedral
Tvilling{111} Polysyntetisk eller spinelltvillingar[1]
Kløyvuperfekt på {001}
BrotMuslig, undermuslig eller ujamn
FastleikSærs sprø
Mohs hardleiksskala4.5 til 5.5
GlansMetallisk
StrekfargeGråsvart
TransparensUgjennomsiktig. R er 43% til 45% for lambda = 560 nm[2]
Spesifikk vekt4.5 til 4.8 målt, 4.83 utrekna
Optiske eigenskapar
Brytingsindeksn er ikkje avgjort for eit ugjennomsiktig mineral
OppløyselegheitMineral i linneittgruppa er delvis etsa av salpetersyre, med lett bobledanning.[1]
Andre eigenskaparIkkje radioaktiv, ikkje fluorescerande
Kjelder[3][4][5]

Det er funne i Noreg ved Borras koparførekomst i Alta. Det har namn etter Carroll County i Maryland.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Ramdohr, R (1980) The Ore Minerals and their Intergrowths. Pergamom.
  2. Criddle, A J and Stanley, C J (1993) Quantitative data file for ore minerals. Chapman & Hall page 74
  3. http://www.webmineral.com/data/Carrollite.shtml
  4. http://www.mindat.org/min-911.html Mindat.org
  5. http://rruff.geo.arizona.edu/doclib/hom/carrollite.pdf Handbook of Mineralogy

Bakgrunnsstoff endre