Changing of the Guards

Changing of the Guards
Singel av Bob Dylan
frå albumet Street-Legal
B-side

Señor (Tales of Yankee Power)

Språk engelsk
Utgjeve 24. oktober 1978
Innspelt April 1978
Sjanger Rock, gospel
Lengd 6:41 (1978); 7:04 (1999-miks)
Selskap Columbia
Komponist Bob Dylan
Tekstforfattar Bob Dylan
Låtskrivar(ar) Bob Dylan
Produsent Don DeVito
Bob Dylan-kronologi 
«Baby, Stop Crying»
(1978)
Changing of the Guards «Gotta Serve Somebody»
(1979)


«Changing of the Guards» er ein song skriven av Bob Dylan, gjeven ut i 1978 på singel og som opningssporet på Street-Legal. Singelen selde dårleg og han nådde ikkje topp 100 i USA. Songen er likevel sidan blitt gjeven ut på fleire samlealbum: Bob Dylan's Greatest Hits Volume 3 i 1994 og luksusutgåva av Dylan i 2007.

Ein litt lengre miks av «Changing of the Guards», inkludert ein lengre uttoning, kom ut på utgåver av Street-Legal i 1999 og 2003.

Musikalsk er «Changing of the Guards», som mykje av Street-Legal, ei ny musikalsk retning for Dylan med kvinnelege korsongarar og ein markant saksofon mellom versa.

Dylan framførte berre «Changing of the Guards» på den påfølgjande turneen i 1978, ofte som siste song[1] og han vart spelt langt kjappare enn albumversjonen. Songen var derimot ikkje med på konsertalbumet etter turneen, Bob Dylan at Budokan.

Andre versjonar endre

«Changing of the Guards» er blitt spelt av:

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre