Charles Austin Beard, (27. november 18741. september 1948) var ein USA-amerikansk historikar. Han skreiv fleire hundre monografiar og lærebøker i både historie og politisk vitskap. Mellom anna stod han for ei radikal nyvurdering av dei amerikanske grunnlovsfedrene. Han hevda desse var opptekne av økonomiske interesser meir enn filosofiske prinsipp. Beard var fødd i Knightstown i midtveststaten Indiana og døydde i New Haven i delstaten Connecticut.

Charles A. Beard

Fødd27. november 1874
Knightstown
Død1. september 1948
New Haven
NasjonalitetUSA
Områdehistorie
Yrkemoderne historikar, historikar, universitetslærar, fredsaktivist, skribent
InstitusjonarColumbia University
Alma materDePauw University
Columbia University
EktefelleMary Ritter Beard
MedlemAmerican Historical Association
American Academy of Arts and Letters

Progressiv historiografi endre

Som ein leiande representant for den progressive skulen innan historiefaget, introduserte Beard tema som økonomisk eigeninteresse og økonomisk konflikt i sine analysar av vedtakinga av den amerikanske grunnlova, konstitusjonen; og i dei tilhøva som utløyste den USA-amerikanske borgarkrigen og fylgjene av den same.

Grunnlovsfedrane endre

Historikarar med band til den progressive rørsla avdekte at den statsstyringa som vart skapt gjennom forfatninga ikkje hadde teke særleg omsyn til folkeviljen, og langt frå tilstrekkeleg til eit demokrati å vere. Fleire kritiske studiar om grunnlova vart utarbeidd. Beard sjølv kom i 1913 med boka An Economic Interpretation of the Constitution. I boka vert det gjort greie for eigedom og formue til kvar og ein av dei 55 utsendingane, dei så kalla "founding fathers". Særskild merksemd la han på mengda av statsobligasjonar. Til ein viss grad let Beard materialet tale for seg sjølv, og avstod frå å kome med generelle klagemål mot grunnlovsfedrane. Likevel framstod det tydeleg at dei rike gjennom forfatningskonventet hadde omforma statsstyringa på eit vis som la til rette for å verne og fremje deira eigne økonomiske interesser. Verket vart kritisert for feilaktig bruk av det historiske materialet, trass i dette kom boka snart til å stå som eit av dei aller viktigaste skriftstykka om USA si historie.

To år seinare kom Economic Origins of Jeffersonian Democracy. Beard nytta same metodane med mål om å påvise at det etter grunnlovskonventet si tid hadde pågått ein økonomisk klassekamp mellom dei rike plantasjeeigarane og dei rike kapitalistane, ein kamp som seinare vart den viktigaste stridsplassen for motsetninga mellom Jeffersons parti og det føderalistiske partiet. Merrill Jensen har lagt fram eitt omfattande materiale som stør denne tesen. Samstundes har Beards tese vorte utsett for skarpe angrep. Klarast og med størst verknad av Robert E. Brown i arbeidet Charles Beard and the Constitution (1956).

Borgarkrigen endre

Mellom historikarane fanst to retningar som vende seg mot oppfatninga om at den US-amerikanske borgarkrigen vart framkalla av det moralske spørsmålet om slaveriet. Frederick Jackson Turner med si tese om the frontier, grensebygda var den eine. Den andre retninga la vekt på økonomiske konfliktar, og vart leia av Charles Beard og kona hans, Mary Ritter Beard. Desse to stod bak det verknadsfulle arbeidet The Rise of American Civilization. Begge retningane oppfatta krigen som eit utslag av mangel på jamvekt i nasjonen. For Beard handla det om ein strid mellom «sosiale grupperingar med livsvilkår betinga av ulikt klima, jordsmonn, industriar og organisering av arbeid.» År 1860 kom i ei tid då forretningsmennene i nordstatane snøgt utvida sitt herrevelde over landets økonomiske liv, medan plantasjeeigarane heldt på å feste sitt politiske maktgrep. Krigen var ein «andre amerikansk revolusjon», der dei økonomisk dominerande gruppene av forretningsmenn overtok den politiske makta i landet.

Utdanningsverksemd endre

Beard engasjerte seg i opplysingsarbeid og vidareutdanning allereie i yngre år. I 1899 samarbeidde han med Walter Vrooman i å få grunnlagt Ruskin Hall, ein skule der også arbeidarar og andre hadde tilgang. Elevane kunne delta i drifta av skulen og dei næringsaktivitetane denne dreiv, og slik få sterk reduksjon i skulepengane.

Etter å ha gått av frå Columbia University i protest i 1917, var Beard delaktig i grunnlegginga av New School for Social Research i New York. Han var elles rådgjevar for Tokyo då byen skulle byggast opp att etter jordskjelvet i 1923.

Non-intervensjonist endre

Beard starta som ein leiande tilhengar av New Deal-politikken, men vende seg seinare mot Franklin D. Roosevelt og utanrikspolitikken hans. Mot Roosevelt sin aktive, tidvis aggressive utanrikspolitikk tala Beard for American Continentalism. Han hevda USA ikkje hadde vitale interesser i Europa, og åtvara mot at krigar utanlands kunne leie til diktatur i USA. Beard vart slik ein leiande talsmann for non-intervensjonisme i USA.

Etter verdskrigen kom Beards siste verk (President Roosevelt and the Coming of the War, 1948). I dette arbeidet skulda han Roosevelt for gjennom lygner å ha lurt USA inn i verdskrigen. Verket fekk mykje motbør, også frå mange liberal-progressive historikarar.

Kjelder endre